Trimtreff på Øvljøsetra

Øvljøsetra. (Foto: Audun Brekke Fjeldheim)

Øvljøsetra. (Foto: Audun Brekke Fjeldheim)

Søndag 12. juni arrangerer trimgruppa i Sunnylven IL trimtreff på Øvljøsetra, TV-stølen frå Eventyrleg oppussing i fjor.

Det blir registrering mellom klokka 14.00 og 15.00 på søndag, opplyser trimgruppa. Også denne gongen blir det trekt ut gåvepremiar mellom alle som blir registrerte.

Turen til Øvljøsetra startar på Øvre Ljøen, 300 meter over Sunnylsfjorden. Råsa går forbi Kleivane og turen til setra på 620 meter tek om lag ein time. Ei lita seter, men med fantastisk utsikt til fjella og fjorden .

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380