Unge musikkelevar imponerte

Elevar frå Sunnylven i den kommunale kulturskulen hadde sommaravslutning på Sunnylven samfunnshus fredag kveld. Det vart ei ny, minnerik forestilling.
Det klang vakkert frå fleire instrument i storsalen på Hellesylt då elevne i den kommunale kulturskulen hadde sommaravslutning fredag kveld. Det var innslag med fele, gitar, song, piano, band og sjølvsagt korps. Vakkert var det også å høyre Inger si framføring av; «Evig eies kun et dårlig rykte».
Sunnylven skulekorps sine 17 musikantar under leiing av sin faste dirigent og kulturskulerektor Trond Otto Berg gav overbevisande prov på at tredje plass i fylkesmønstring nyleg ikkje var eit blaff.
Under konserten fredag fekk eit talrikt publikum også høyre resultatet av ein månad øving for 3. og 4. klasse på korpsinstrument. Saman med hovudkorpset debuterte dei med to melodiar. Og spelegleda var tydeleg, så Sunnylven bør vere sikra god rekruttering og eit godt skulekorps også i framtida.
Stranda kommunale kulturskule har dyktige lærarar. Heilt på tampen av den to timar lange sommaravslutninga fekk tre av dei , Marianne Havsås, Synnøve Hjellbakk Hole og Erik Torset rosande ord av rektor Trond Otto Berg. Og foreldre og andre nære slektningar av elevane takka dei med applaus. Sjølv kunne Berg ta mot blomar frå korpsleiinga, overrekt av leiar Anita Langeland for eit nytt flott musikkår både frå skulekorpset og frå andre i kulturskulen.
Ein strålande kveld med mykje flott song og musikk var til endes. –De har kjekke og flinke ungdomar her i Sunnylven, eg storkosar meg rett og slett her inne, sa kulturskulerektoren før han ønska alle vel heim.