Utset Quiz for Queen Elizabeth.

Cruiceskipet Queen Elizabeth blir ved Hellesylt kai frå laurdag klokka 18.00 til klokka 05.00 dagen etter.

Cruiseskipet Queen Elizabeth blir ved Hellesylt kai frå laurdag klokka 18.00 til klokka 05.00 dagen etter.

Sommar-Quiz på Peer Gynt galleriet laurdag er utsett frå kl. 19.30 til kl. 21.00. Årsaka er at cruiseskipet Queen Elizabeth legg til Hellesylt kai kl. 18.00 same dag.

Cruiseskipet Queen Elizabeth kjem til Hellesylt og legg til kai klokka 18.00 laurdag 18. juni. Det 294 meter lange skipet med 2.200 passasjerar om bord blir liggande ved Hellesylt kai til søndag morgon kl. 05.00.

Quiz klokka 21.00

Besøket på Hellesylt blir markert på Hellesylt kai med dans av barneleikarringen i HUL og med tonar frå gode Sunnylven skulekorps. Mange i Hellesylt blir involvert i markering av at Queen Elizabeth kjem på langt besøk, og for at også dei skal få høve til å delta på sommar-Quiz på Peer Gynt galleriet blir fyrste quiz-spørsmål lest klokka 21.00. Peer Gynt galleriet er ope for innsteg tidlegare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380