LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Variert frå utescena

Rune Larsen, her på utescena med egne musikarar under Sommardagar på Hellesylt i 2004.
Rune Larsen på utescena med egne musikarar under Sommardagar på Hellesylt i 2004.

Komiteen for Hellesyltdagane 2016 har sett saman eit program frå utescena som dei håper både unge og eldre vil like. På Ole Ringdals plass blir det sitjeplassar på mange nye benkebord.

Verdsarvprest Morgan Berg er programvert for innslaga frå utescena. Etter opning av Hellesyltdagane 2016 ved rådmann i Stranda, Åse Elin Hole blir det innslag av både lokale og landskjente artistar.

Rune Larsen, kjent frå mange program på TV er tilbake på Hellesylt, tolv år etter at han og Tor Endresen fylte Sunnylven kyrkje under konserten det året. Laurdag 9. juli er det gratiskonsert med kjende og kjære songar.

Ungdomsbandet Nameless frå Hellesylt var på utescena i fjor og Inger Ringdal Sæter, Knut Iver Røyrhus, Bertine Lade, Maria Langeland, Ingeborg Langeland og Erik Torset kjem tilbake også i år. Det same gjer Kristine & Gutane som har Loke Kjellstadli, Kristine Hjellbakk Hole og Simen Frøysa Hellebostad som bandmedlemer.

Visesongar Kristian Haugen frå Hornindal, her under eit arrangement i Peer Gynt galleriet.
Visesongar Kristian Haugen frå Hornindal, her under eit arrangement i Peer Gynt galleriet.

Nye høgdepunkt søndag

På programmet søndag står artisten Morgan Sulele som mange unge gled seg spesielt til å få høyre og oppleve, det blir besøk av Klovnen Klumse og Untitled underheld med song og musikk. Også barneleikarringen i Hellesylt UL kjem.

Det blir intervju, Bingo, og informasjon om arrangement under dagane. På ein storskjerm blir det lagt ut informasjon om arrangement under Hellesyltdagane. Der kan bedrifter kjøpe seg reklameplass.

I siste del av underhaldninga kjem Kristian Haugen, Hornindal med gitar og eigne viser med nynorsk tekst. Vi får også høyre Inger Ringdal Sæter synge «Liten fuggel» av Vamp.

Til slutt blir det presentasjon av «Nye bedrifter – Hellesylt», og som siste høgdepunkt frå scena, premiering av Andesleppet i Hellesyltfossen 2016.

Ungdomsbandet Nameless var på utescena også i fjor, her representert med frå venstre Maria Langeland, Inger Ringdal Sæter og Bertine Lade. Andre i bandet er Ingeborg Langeland tangent, Erik Torset gitar og Knut Iver Røyrhus slagverk.
Ungdomsbandet Nameless, her representert med frå venstre Maria Langeland, Inger Ringdal Sæter og Bertine Lade. Andre i bandet er Ingeborg Langeland tangent, Erik Torset gitar og Knut Iver Røyrhus slagverk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380