Cruiseanløp på Hellesylt veke 30
I dag var det to cruisebåtar til kai på Hellesylt. Tre anløp gjenstår denne veka.
For tysdag 26 juli var det sett opp tre anløp på Hellesylt, Horizon, MSC Musica og Aidasol.
MSC Musica kom til Hellesylt i dag tidleg. Deretter reiste den til Geiranger før den no har sett kursen for Flåm. Horizon har iflg Stavanger Aftenblad hatt eit uhell i Stavanger og ligg der for øyeblikket. Aidasol har akkurat forlatt Hellesylt.
I morgon onsdag er det ikkje meldt om anløp.
Torsdag 28 juli får Hellesylt besøk av «Mein Schiff 5» og vi får eit gjensyn med Balmoral. I følgje cruiselista kjem desse to båtane hhv kl 19.30 og 9.40.
Fredag 29 juli kjem siste anløp denne veka. Dette er det Boudicca som står for. Den kjem til Hellesylt kl. 09.45 og reiser vidare kl. 12.30
Tilbakeping: Cruiseanløp Flåm 2017 – SOUNAH