Cruiseskip til Hellesylt veke 31.
Mandag 01 august får Hellesylt besøk av tre cruiseskip. Fyrst ute er Costa Favolosa. Det kjem til Hellesylt kl 08.00. Seinare på ettermiddagen kjem Costa neoRomantica med ankomst kl 17.00 og «Mein Schiff 1» kl 17.30.
Tirsdag 02 august kjem AIDAvita klokka 07.30 og Horizon kl 10.30.
Onsdag 03 august er det tid for MSC Opera som har oppgitt ankomst til kl 08.00.
Torsdag 04 august er det ikkje sett opp noko anløp hverken i Geiranger eller Hellesylt før vekas siste cruisebåt til Hellesylt kjem fredag 05 august kl 08.30. Dette er AIDAsol.
Den største av dei skipa som kjem denne veka er Costa Favolosa med sine 290 meter. Ho er også det skipet som har med flest passasjerar med 3800.
Dato | Skip | Ankomst | Avreise | Lengd | Passasjerar |
01.08.2016 | Mein Schiff 1 | 17:30 | 18:30 | 263,9 | 1850 |
01.08.2016 | Costa Favolosa | 08:00 | 09:00 | 290 | 3800 |
01.08.2016 | Costa neoRomantica | 17:00 | 18:00 | 220,6 | 1670 |
02.08.2016 | Horizon | 10:30 | 12:00 | 207,6 | 1752 |
02.08.2016 | AIDAvita | 07:30 | 09:30 | 202,9 | 1266 |
03.08.2016 | MSC Opera | 08:00 | 10:00 | 275 | 2579 |
05.08.2016 | AIDAsol | 08:30 | 10:00 | 252 | 2194 |
Alle opplysningane er henta frå Cruiselista til Stranda hamnevesen:
http://www.stranda-hamnevesen.no/cruise-calls