Lokalnytt

Emilie skal tale i FN-bygget

Emilie Brekke er reiseklar for to veker til USA og Canada.
Emilie Brekke er reiseklar for to veker til USA og Canada.

Emilie Brekke frå Hellesylt har leita fram pass og reisekoffert. Fredag 9. juli går turen til USA og Canada, ei opplevingsreise med taletid i FN-bygget.

Sunnylvsjenta Emilie Brekke har gått eitt år på Stranda vidaregåande skule. Tidlegare i vinter vart elevar frå fyrste klasse ved skulen utfordra til å delta i ein konkurranse arrangert av organisasjonen Odd Fellow. Emilie gjekk sigrande ut av konkurransen ved Stranda-skulen som var ein av ni i heile landet som var uttrekt til å delta. Oppgåva elevane skulle svare på både skrifteleg og presentere munnleg for ein jury på fire var; «Den gyldne leveregel i vår tid».

Emilie Brekke svarte oppgåva både ut frå eit historisk perspektiv og frå i dag. Men ho vedgår at det ikkje var heilt lett, ho måtte jobbe mykje der ho gjorde seg nytte av både internett og ho diskuterte svara med medelevar. –Men innhaldet i besvarelsen er mitt syn, slår ho fast.

Hovudinnhaldet i det ho la fram var så enkelt som ordtaket at; -Det du vil at andre skal gjere mot det, skal du gjere mot dei.

-Men vi er ulike, har ulike religionar, vi lever, jobbar, forskar og lærer på kvar måte rundt om i verda så resultatet kan bli ulikt sjølv med den gamle, gode leveregelen, seier ho.

Fredag reiser Emilie Brekke frå Hellesylt til Oslo og dagen etter går turen vidare til New York saman med åtte andre frå heile Norge og ein reiseleiar. -Det blir ein lang flytur, men då få vi god tid til å bli kjent med kvarandre, for eg kjenner ingen som eg skal reise saman med.

I New York møter dei fleire elevar frå andre land som også har delteke i Odd Fellow sin konkurranse. Utan at Emilie kjenner opplegget i detalj blir det besøk på ein kyrkjegard for krigsveteranar, museum og andre turistattraksjonar. Turen går vidare til Washington og deretter til Ottawa i Canada før retur til New York igjen. Då blir det besøk i FN-byggninga der Emilie og fleire skal halde korte talar med refleksjonar kring det dei har opplevd på turen.

Kanskje gjev turen inspirasjon til noko Emilie kan tenkje å utdanne seg til i livet, for akkurat no veit ho ikkje. Men ho har framleis god tid, ikkje fylt 18 enno, men satsar på å ta «lappen» i løpet av kort tid.

Til helga er det Hellesyltdagar, det var litt dumt at det skulle kollidere med opplevingsturen som ho vann, synest Emilie, men ho gledar seg stort til turen. Til neste år skal ho vere heime under Hellesyltdagane for då feirar dei 30 år, seier ho.

Vi ynskjer Emilie god tur og ventar på eit lite reisebrev som ho har lova å sende hellesylt.info

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380