For 35 år sidan

Etter 35 – års drift: SHELL-ANLEGGET LAGT NED

-

Sist veke vart anlegget til Shell i Bergane ved Korsbrekke demontert, og dermed er det slutt på ei 35 år lang drift ved dette anlegget.

For å få lyft ned dei to store tankane på tilsaman 75 kubikk, måtte ei kran på 30 tonn hentast hit frå Ålesund. Men då krana var på plass, gjekk det greitt å få lyft tankane av fundamenta og senka dei ned i fjøra. Her låg dei til ein slepebåt frå Ålesund kom og slepa dei med seg tilbake til byen.

Krana har fått godt tak på den fremste tanken og er i ferd med å lette han frå fundamentet.
Krana har fått godt tak på den fremste tanken og er i ferd med å lette han frå fundamentet.

Lars A Korsbrekke fortel til Sunnylvingen» at resten av fundamenta og kaia skal rivast i løpet av hausten. Når det gjeld grunnen der Shell – anlegget stod, så leigde Shell. Men leigekontrakta er her for lengst gått ut, og råderetten over grunnen er gått attende til grunneigaren.

-

I den første tida anlegget var i bruk, var her lagra bensin, og Ivar N Hole stod for utkøyring frå anlegget til eit stort distrikt særleg i Nordfjord. Seinare gjekk ein over til å lagre fyringsolje og diesel i tankane, og den siste som har stått for utkøyringa har vore Halvdan Lødemel frå Hornindal.

Etter det Sunnylvingen forstår, vil no Shell dekke området her med leveransar frå Ålesund for framtida.

-

 

Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, oktober 1981

Original artikkel.
Original artikkel.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info