Fekk gratis togtur

Toget frå Olden Sightseeing rulla på Hellesylt både laurdag og søndag.

Toget frå Olden sightseeing rulla på Hellesylt både laurdag og søndag.

Det raude og kvite toget frå Olden sightseeing var på Hellesylt under sommarfesten 9. og 10 juli. Bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter fekk seg gratistur gjennom festivalstaden.

I juni var mange frå Sunnylven omsorgssenter på opplevingstur med turistferja Veøy til Geiranger og tilbake. Sist laurdag fekk dei eit nytt tilbod om utflukt, ein gratis togtur med Olden sightseeing. Ikkje så mange tok laust denne gongen, men 11 bebuarar og to frå personalet steig ombord etter at toget hadde rulla inn og stoppa for påstiging framfor omsorgssenteret.

Det vart ein koseleg køyretur gjennom ein festivalstad med yrande folkeliv. Togturen gjekk over Hellesylt bro, gjennom Gatå og forbi Peer Gynt Galleriet. Vidare etter vegen mot cruisekaia, forbi Ole Ringdal AS, bensinstasjonen og tilbake til omsorgssenteret.

Det flotte toget med to vogner og plass til 42 passasjerar køyrer til vanleg sightseeing-turar i Olden. At eigaren tok turen til Hellesyltdagane vart til glede for fleire, også pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter.

Bebuarar og tilsette fekk seg gratis togtur under Hellesyltdagane.

Bebuarar og tilsette fekk seg gratis togtur under Hellesyltdagane.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380