LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Fjellflygarar snart på plass

Martin Janssen med nokre av premiane han har laga og skal dele ut til dei beste i World Base race.
Martin Janssen med nokre av premiane han har laga og skal dele ut til dei beste i World Base race.

I dag, 6. juli kjem dei fyrste fjellflygarane og slår leir i Hellstock camping under Helsetkopen. Og dei neste dagane startar knivinga om flotte premiar frå lokal kunstnar.

Martin Janssen har orkesterplass til Helsetkopen frå gardstunet sitt. No er alt klart for innrykk av fjellflygarar og konkurransen World Base race, seier han. Som tidlegare år har han også denne gongen laga alle premiar, i år får dei ti beste i konkurransen pyntegjenstandar eller dreia trekrus. Også campingplassen bak låven til Martin ligg og ventar på at dei fyrste skal innfinne seg på Helset.

Veret viktig

Så langt er det påmeldt vel 20 deltakarar, opplyser Cato Nordbakk hos arrangøren og sjølv deltakar. Han trur det blir nokre til for det er ikkje for seint å melde seg på. Nordbakk var klar for tur til Hellesylt då vi snakka med han på telefon onsdag.

Han var oppteken av veret, om det var tåke i fjellet. Veret var bra, ikkje vind eller nedbør, men litt tåke i Helsetkopen har kome og gått så langt dagen før prøvehoppinga startar torsdag. Finale i World Base race er planlagt til laurdag 9. juli.

Birdman 2

Martin Janssen har kunstferdige utformingar mange stader i gardstunet, også på stoveveggen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380