Flofjellvegen har fått sanitæranlegg

Lillian Aasheim frå Stranda brannvern var på plass og fylte opp vasstanken til toalettet i bakgrunnen. Næringssjef Inge Bjørdal og Egil Røyrhus var fornøgde.

Lillian Aasheim frå Stranda brannvern var på plass og fylte opp vasstanken til toalettet i bakgrunnen. Næringssjef Inge Bjørdal og Egil Røyrhus var fornøgde.

Fyrste strekninga av Flofjellvegen frå Vollset til Nedstevatnet har blitt betydeleg opprusta. Fredag vart eit Jet vakuumtoalett plassert ved parkeringsplassen.

Det aller fyrste Jet vakuumtoalettet ved eit utfartsområde i Stranda kommune vart rigga ferdig ved parkeringsplassen på Vollset fyrste dag i juli. Toalettet blir drifta av batteri som blir oppladda av solcellepanel på taket og bruk er gratis.

Sanitæranlegget er del av ei større opprusting av Flofjellvegen. Den populære turvegen frå Vollset mot Flofjellet har fått parkeringsplass for inntil 30 bilar, nye stikkrenner er lagde og nye grindar med automatisk attlating. Vegen er også nygrusa nesten fram til trimposten ved Nedstevatnet.

Statleg tilskot oppbrukt

Med all utbedring og flunkande nytt og moderande toalett ved parkeringsplassen er tilskotet frå Direktorater for naturforvaltning på 441.000.- kroner brukt opp, fortel næringssjef i Stranda Inge Bjørdal. Han har jobba fram planane og søknader om tilskot til heile opprustinga. I kontantar har det så langt ikkje blitt belasta kommunen med ei krone.

Her frå pumperommet med batteri som blir ladda opp av solceller på taket

Her frå pumperommet med batteri som blir ladda opp av solceller på taket

Med vakuumtoalett i eige hus på knappe åtte kvadratmeter er fyrste etappe av turvegen mot Flo og Stryn ferdig. Meir burde også blitt gjort vidare, men då må også Stryn kommune vere med på søknadar, seier Bjørdal. Sjølv er han, som grunneigar Egil Røyrhus i området svært godt nøgde med det som er gjort. Og vakuumtoalettet er eit ekstra flott servicetilbod meinar dei to.

Frådelt

Ved kvart do-besøk går det med 0.5 liter vatn så vatntanken som vart fylt opp med 2000 liter fredag burde vare ein sesong. Handvask er ved spritdespensar og tørkepapir. Det som står igjen er å gjere avtale med eit lag eller ein person om tilsyn og reinhald, seier næringssjefen.

Ein spritdespenser og tørkepapir er på plass for reingjering etter do-besøket.

Ein spritdespenser og tørkepapir er på plass for reingjering etter do-besøket.

Fredag var Stranda kommune på staden og gjorde oppmåling. Området kring Jet-toalettet og ei informasjonstavle som kjem, blir skild ut med eige bruksnummer. Bruksavtalen med grunneigarane gjeld i fyrste omgang i 40 år. Og det blir ei markering av det som så langt er gjort etter Flofjellvegen ved eit seinare høve i sommar, får vi opplyst.

Ingeniør landmåling, Hildur Lillevik og konsulent Sigmund Alme frå Stranda kommune målte opp området som får eige bruksnummer

Ingeniør landmåling, Hildur Lillevik og konsulent Sigmund Alme frå Stranda kommune målte opp området som får eige bruksnummer.

Parkeringsplassen til Flofjellvegen har plass til 30 privatbilar.

Parkeringsplassen til Flofjellvegen har plass til 30 privatbilar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380