Flotte bilete i fotokonkurransen

Arrangøren fekk inn flotte bilete til fotokonkurransen under Hellesyltdagane. Det vart konkurrert i to kategoriar.
For tredje gong var det fotokonkurranse under sommarfesten på Hellesylt, denne gongen delt i to kategoriar. Bilete til den eine kunne vere av alt frå alle stader i Sunnylven, medan det til den andre kategorien skulle vere bilete tekne berre under Hellesyltdagane. Karoline Aaland presenterte resultatet som ein lokal jury hadde kome fram til og viste dei tre beste blinkskota på storskjerm ved utescena. Vinnarane i dei to kategoriane fekk 1000.- i premie.
Dei tre beste vart;
Kategori Hellesylt (Sunnylven)
- Ingeborg E. Sæter
- Hanna Sætreås Kristoffersen
- Sivert Hovden
Kategori Hellesyltdagane
- Cristiane Brevik
- Marie Kristine Henriksen Sandvær
- Karoline Ringdal Hjelset