Lokalnytt

Førebuingane til «Prosjekt Jetman» godt i gang.

Det er store dimensjonar på rampa som skal monterast på Helsetkopen.
Det er store dimensjonar på rampa som skal monterast på Helsetkopen.

Førebuingane til «Prosjekt Jetman» er godt i gang. I dag var det testmontering av rampe som stod for tur i hagen til Martin Janssen.

Vi har tidlegare på hellesylt.info skrive om «Prosjekt Jetman», der målet er å skape flyhistorie ved at eit levande menneske kan ta av frå jorda og lande på same plass.

I dag var vi på besøk i hagen til Martin Janssen. Der såg vi på siste innspurt av bygging av rampa som ein skal bruke til å ta av frå Helsetkopen. Elementa til rampa er komt på trailer frå Groningen i Nederland.

Prosjektet skal gjennomførast frå slutten av juli og fram til 10-15 august. Helikopter vil utføre transport av kameracrew, kamerautstyr og andre involverte.

Romsdalingen og basehoppar Tom Erik Heimen kjenner både fjellet og mange av lokalbefolkninga i området ved Helsetkopen. Han uttalte følgande til hellesylt.info tidlegare i sommar –Vi gledar oss veldig til forsøket som vil vere ei flygehistorisk hending. Vi er veldig glade for å få lov å kome til Hellesylt og Helsetkopen, noko som har blitt til med god hjelp av Stranda kommune og grunneigarane.

Arbeidslaget som var i arbeid medan vi var på besøk. Frå venstre Sondre Bredeli, Cato Nordbakk, Bob og Shane Dunn.
Arbeidslaget som var i arbeid medan vi var på besøk. Frå venstre Sondre Bredeli, Cato Nordbakk, Bob og Shane Dunn.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *