Fotballkamp mot Boudicca.

Frå kampen mot Balmoral. Steinar Hjelle saman med dei to lagkapteinane, Andy Hunter og Eivind Louis Helset.

Frå kampen mot Balmoral. Steinar Hjelle saman med dei to lagkapteinane, Andy Hunter og Eivind Louis Helset.

Fredag 29 juli vert det ny fotballkamp mot mannskap frå cruiseskip. Då er det Boudicca som vert motstandar  – så får vi sjå om dei klarar å gje dei lokale meir motstand enn det som var tilfelle mot Balmoral. Då vann Sunnylven heile 18-2.

Eksakt kamptidspunkt er ikkje heilt bestemt, men estimert til ca 10.30. Vi skal kome tilbake til tidspunkt om det blir endringar i forhold til dette. Det blir same opplegg som førre gong med open kiosk. Dommar på kampen vert Steinar Hjelle.

Mot Balmoral var det nærare 200 tilskodarar på Sunnylven Stadion så dette kan bli ein ny folkefest. Boudicca kjem til Hellesylt kl. 09.45 og reiser vidare kl 12.30.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info