Gratis frukost til fleire hundre

Fleire hundre var innom Peer Gynt Galleriet og gratis frukost laurdag under Hellesyltdagane.
Laurdag morgon inviterte Hellesyltdagane til gratis frukost for sjette år på rad. Også i år var mange innom det gode mattilbodet på Peer Gynt Galleriet.
Gratis frukost har synt seg å vere eit populært tilbod og vart innført fyrste gong i 2011. Det var dei tre lokale bedriftene Ole Ringdal AS, Joker Hellesylt og Coop Marked Hellesylt som i samarbeid med arrangøren organiserte og skaffa til veges alt av frukostmat denne gongen.
På Peer Gynt Galleriet var det sett fram brød og pålegg med sylte, ost, grønnsaker og sjølvsagt fleire sortar kjøttpålegg, i tillegg til kaffi, juice og mjølk. Vi får opplyst at heile 650 personar besøkte «frukoststova» dei to timane serveringa varte.

Servitørar under frukosten; Frå høgre Ingrid Julie, Hege, Inga Elise, Gard Henrik, Madelen Selin, Kristen og dagleg leiar ved Ole Ringdal AS, Ole Arnstein Ringdal.