Lokalnytt

Hellesyltløpet laurdag

Frå Hellesyltløpet i 2015. Jonas Frorus føre Henrik Bakke, Anders Mølmen Høst og Kristian Nedregård.
Frå Hellesyltløpet i 2015. Jonas Frorud føre Henrik Bakke, Anders Mølmen Høst og Kristian Nedregård (SMP-foto)

Hellesyltløpet er eit terrengløpet med start og målgang på Hellesylt stadion og samlar kvart år mange deltakarar. Dei siste åra har meir enn hundre stilt til start.

Data om Hellesyltløpet:

Terrengløp etter grus, asfalt og grasbakke.

Start: Hellesylt stadion laurdag 9.juli kl. 15.00

Klasser:

Gutar/Jenter opp til 16 år, løypelengd ca. 1.600 meter.

Menn/kvinner/senior: Løypelengd 6.6 km. høgdeforskjel ca. 60 meter.

Løyperekordar senior:

Kvinner: Kirsti Fresvik, Gular 24.12

Menn: Henrik Bakke, Lyn Ski 21.15.

Hellesyltløpet blir kvart år arrangert i samband med Sommardagar på Hellesylt. I år er det 29. gongen spreke mosjonistar og konkurranseløparar samlast på laurdag til start og målgang på Hellesylt stadion.

Odd Arild Dale, Førde IL er sjølvaste «mister Hellesyltløpet». Han har delteke i alle løp og gjort det skarpt. Det har blitt fleire sigrar og løyperekordar gjennom til no 28 løp, ei deltaking som starta etter eit veddemål.

I 2007 sletta Kristian Nedregård, Tjalve IL, den gamle løyperekorden til Helge Havsås på 22.22. Den ny rekordtida på 21.47 skulle stå fram til 2012 då Anders Mølmen Høst, Lyn Ski sprang inn til 21.16. I 2015 overtok Henrik Bakke rekorden med eitt sekund margin.

Fleire langrennsløparar frå Lyn Ski er på treningssamling i Sunnylven også i år og stiller til start i Hellesyltløpet.Det kan bli nytt «Lyn-nedslag i Hellesyltløpet», slik Sunnmørsposten beskreiv det i 2013.

Sunnylven IL /friidrett/trim er arrangør av Hellesyltløpet. Arrangøren ber om at alle som vil delta melder seg på i god tid minst ein time før start ved stand i Hellesylt sentrum. Starten går klokka 15.00.

Arrangøren har stort premiebord gjeve av næringslivet med premie til alle deltakarar.

Her er dei med 10 eller meir:

DALE Odd Arild                                 28

LANGELAND Knut Dag                 20

HOLE Øyvind                                     18

STADHEIM Hans Kristian              16

KARBØ Per Ingebrigt                      14

FIVELSTAD Oddmund                   13

KARBø Asbjørn                                12

AASEN Leif Egil                                 12

DALE Gabriel                                     11

HOLE Ingrid Julie                             11

HOLE Kenneth Andre                    11

TRYGGESTAD Rune                        11

HOLE Rune                                        10

KARBø Lars                                        10

LIEN Amund                                      10

MYKLEBUST Rasmus Ringdal      10

AASEN Olav Åge                              10

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380