Lokalnytt

Historiske Hellesyltdagar

Leiar i komiteen for Hellesyltdagane, Svein Sporstøl minner om datoen for jubileumshelga neste år, 7. til 9. juli.
Leiar i komiteen for Hellesyltdagane, Svein Sporstøl minner om datoen for jubileumshelga neste år, 7. til 9. juli.

Årets Hellesyltdagar er historie, men minna er mange og gode, ikke minst for komiteen som «baka» saman den største folkefesten på Hellesylt nokon gong.

Aldri har Hellesylt sentrum myldra slik av unge og eldre som under Hellesyltdagane tidleg i juli. Talet på besøkande blir berre tipping, men kanskje så mykje som  eit to-sifra tusental kom og for gjennom Hellesyltporten i år. Svein Sporstøl, leiar for  arrangementskomiteen, som vi tillet oss å tittelere som sommarfestgeneral, smiler ved tanken på tre fantastiske dagar. Men det vart ikkje til av seg sjølv, han rausar ut go`ord om dei andre i komiteen som alle gjorde ein flott jobb. -Det var triveleg å jobbe i lag der vi var både unge og eldre, seier Sporstøl.

Vi forstår han slik at ingen er framand for tanken om å ta eit tak også i jubileumsåret neste år om dei får tillit av lag og organisasjonar i bygda.

Gratis folkefest

Sommarfesten på Hellesylt kan feire 30 år neste år. Arrangementet har blitt kalla både messe og festival, men er ingen av delane meiner Sporstøl. Ei handelsmesse er arrangement der folk må betale for å vere til stades. Hellesyltdagane kan folk få oppleve utan å ha med seg ei krone. Og festival forbinder ein med meir støy og meir uro enn det folkefesten på Hellesylt er.

-Arrangementet i år forløp roleg alle dagane og eg er spesielt gledeleg overraska over kor reint og ryddig det var i gatene heile helga, både laurdag og søndag. Folk oppførte seg pent og ryddegjengen vår gjorde ein god jobb, seier Sporstøl.

Har teften

Etter at tunnelen gjennom Kviven kom får sommarfesten på Hellesylt besøk av tilreisande både frå ytre strøk av Sunnmøre og Nordfjord. – I år vart det fleire enn nokon gong tidlegare. Vi har teft til å treffe rett, både med artistar og som å ha underhaldning frå utescena for eldre eine dagen og for den yngre garde den andre. Hellesyltdagane er til for å lage underhaldning for alle aldersgrupper, at dei kjem og gjerne støttar lag og organisasjonar i bygda økonomisk er flott. Og sjølv om eg ikkje har full oversikt enno vil også Hellesyltdagane som arrangør kome ut med overskot som blir sett av til neste års arrangement og nye underhaldningskrefter.

Treng areal

-Hellesyltdagane har blitt eitt av dei store sommararrangementa på Sunnmøre. Folkefesten på den vesle staden innerst i Sunnylvsfjorden kan ikkje bli større snart, for då blir det mangel på parkeringsareal for bilar. Få fjerna steinrøysa sør for Formvac, og på med betongdekke på dei rusta pålerøyra på cruisekaia. Begge deler vil gje tiltrengt areal, spesielt om Ole Ringdal AS startar utviding av bedrifta på sitt areal av grusbana, seier Svein Sporstøl.

-Neste år er sommardagar på Hellesylt 30 år. Ikkje alle har overlevd så lenge. Også då vil vi ha noko å by på som mange likar. Vi bør alt no starte å planlegge jubileumsfesten, laga i bygda må tenke positivt og vere med slik dei var i år, Vi vil ikkje kvile på laurbera, men skape ein ny, flott folkefest på Hellesylt frå 7. til 9. juli 2017, avsluttar Svein Sporstøl.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380