Lokalnytt

Hjort drukna

Hjortedyret låg ved trappa like nedanfor Hellesylt bro.
Hjortedyret låg ved trappa like nedanfor Hellesylt bro.

Ein hjortebukk låg drukna i elva ved Hellesylt bro laurdag. Mannskap frå Storfjord ettersøksring fjerna dyret.

Det var ein to og eit halvt år gamal hjortebukk som hadde enda sine dagar i Langedalselva laurdag. Ove Nordang, medlem i Viltnemnda i Stranda og i Storfjord ettersøksring var på staden og fekk fjerna dyret på Hellesylt ein time etter at han fekk melding.

Hjorten blir henta av transportør som fraktar sjølvdauda dyr til destruksjon, opplyser Ove Nordang. Dyret var lite etter alderen. Det har nok prøvd å krysse elva ein stad og så har det gått gale. Hjorten har nok feilrekna på vassføringa, trur Nordang. Han fortel at for om lag ei veke hende det same i Geiranger med eit hjortedyr som også hadde havarert i elva.

-At det ligg døde hjortar i vassdraga hender gjerne eit par gonger i året. Når det gjeld hjortestamma har vi hatt rekordteljingar i vår og det var god avskyting sist jaktsesong. Her er mykje hjort så at eit og anna dyret omkjem må vi nok rekne med, seier Ove Nordang.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380