Lokalnytt

I rute med Ljøtunnelen

Ut på seinhausten kan trafikantar ta i bruk den nye Ljøtunnellen.
Ut på seinhausten kan trafikantar ta i bruk den nye Ljøtunnellen.

Bygginga av Ljøtunnelen på fylkesveg 60 i Stranda kommune er i rute. Det blir trafikkopning ut på seinhausten.

Tekst / foto: Statens vegvesen.

Hovudentreprenør Skanska Norge AS har berre igjen å legge det siste laget med asfalt før dei er ferdig med sin del av arbeida i Ljøtunnelen. Deretter er det berre elektroarbeida som står att. Eltel Networks AS, som utfører alle elektroarbeida, skal blant anna installere fem tekniske bygg, levere og montere 18 ventilatorar, 31 naudstasjonar, kabelbru og lys.

– Arbeida går godt, og det blir trafikkopning av tunnelen i løpet av seinhausten, fortel prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Ljøtunnelen er siste del av rassikringa av fylkesveg 60 Røyr-Hellesylt. Dette er ei strekning der det sidan opninga i 1962 har vore vegstengingar nesten kvar einaste vinter grunna snøras og rasfare. Prosjektet vil både redusere reisetida og betre vilkåra for dei som jamleg brukar vegen, industrien, reiselivsnæringa og offentleg transport. Planen er at fylkesveg 60 mellom Røyr og Hellesylt skal vere ferdig rassikra til seinhausten i år.

I tillegg til Ljøtunnelen består tredje byggesteg av Røyratunnelen, ein 440 meter lang betongtunnel på Røyr til sikring av Vassfonna og Røyrfonna, som opna 15. desember i fjor.

Hovudentreprenør for tredje byggesteg er Skanska Norge AS, medan T. Engene AS (opplasting og uttransport av tunnelmassane), Opshaug Sandtak AS (vegbygging i og utanfor tunnelen, samt gravearbeid) og Mesta AS (betongtunnelen og portalane på Ljøtunnelen) er underentreprenørar.

Statens vegvesen rassikrar strekninga Røyr-Hellesylt på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tunnelopninga sett frå Ljøen.
Tunnelopninga på Ljøen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380