Joar Thele knuste løyperekorden
Joar Thele, Lyn ski sette ny løyperekord i det 6.6 km. lange Hellesyltløpet laurdag. Den nye rekorden er på 20.36, ei forbetring med 39 sekund.
Det var Lyn ski som dominerte også i det 29. Hellesyltløpet. Berre Glomnes, Valldal IL makta å kile seg inn mellom dei sju fyrste. Aller best var Joar Thele med Simen Hægstad Kruger på plassen bak, også han under den gamle løyperekorden på 21.15.
Vi nemer også at mister Hellesyltløpet, Odd Arild Dale, Førde IL avslutta laksefisket i lerdalselva for å delta i sitt 29. Hellesyltløp laurdag. Etter 29,.36 i mål drog han rett til Lerdal igjen for å jakte på storlaksen.
Trygve Aaland Tryggestad er ein friskus. Fyrst sprang han 38. km. fjelløp i Hornindal laurdag, så Hellesyltløpet i heimbygda. Tid 32.25. Prøv den som vil.
Best i kvinneklassa var 14. år gamle Kristine Hjellbakk Hole, føre Hege Høgalmen Ringdal.
Det deltok 113 i det 29. Hellesyltløpet. Neste år går løpet laurdag 8. juli og då blir det påmelding på nett, opplyser arrangøren Sunnylven IL trim/friidrett.
Resultat:
Resultater Hellesyltløpet 2016
Merk: denne vart korrigert for to feil.
Ny fil lasta opp søndag 10.07.2016 kl. 19.00