Klart for «Prosjekt Jetman» frå Helsetkopen
Baseheimen ved Tom Erik Heimen har søkt Stranda kommune om løyve til å lande med helikopter på Helsetkopen i høve «Prosjekt Jetman». Søknaden er imøtekomen.
Basehoppar Tom Erik Heimen, mange gonger deltakar under World Base race frå Helsetkopen, er kontaktperson for gjennomføring av «Prosjekt Jetman» i Norge.
I ein søknad til Stranda kommune om landingsløyve for helikopter skriv Tom Erik Heimen at Katthammaren i Eikesdal var fyrste aktuelle fjell. Det viste seg vanskeleg å gjennomføre prosjektet i eit landskapsvernområde, men Helsetkopen i Sunnylven er eit veldig godt alternativ, heiter det.
Forsøket vil skape flyhistorie, det at eit menneske kan ta av og lande på same stad vil vere noko nytt og ikkje gjort før. Støtteapparatet i prosjektet som skal gjennomførast frå slutten av juli og fram til 10 – 15. august består av rundt 30 personar. Helikopteret vil utføre transport av kameracrew, kamerautstyr og andre involverte.
Romsdalingen og basehoppar Tom Erik Heimen kjenner både fjellet og mange av lokalbefolkninga i området ved Helsetkopen. –Vi gleder oss veldig til forsøket som vil vere ei flygehistorisk hending. Vi er veldig glade for å få lov å kome til Hellesylt og Helsetkopen, noko som har blitt til med god hjelp av Stranda kommune og grunneigarane, seier Heimen på telefon.