Kristine tredje best i Mefjellet Opp.

Anniken, Kristine og Kari-Anne. (arkivfoto).

Anniken, Kristine og Kari-Anne. (arkivfoto).

Kristine Hjellbakk Hole vart tredje beste i dameklassa i Mefjellet Opp 2016 som gjekk av stabelen søndag 24 juli. Ho sprang inn til tida 1.02.53. Dette var ca 8 minutt bak suveren vinnar, Elisabeth Hildenes frå Eid IL. Anniken Hjellbakk Hole sprang inn til tida 1.11.06 som var niande beste tid i dameklassa.

Beste herreløpar var Stian Stærleby Jelstad frå Modum friidrettsklubb med tida 51.05.

Totalt deltok 67 løparar i konkurranse og 102 i mosjonsklasse. Løpet startar frå Fjøra i Valldal.

Fullstendig resultatliste finn du her:

https://mefjelletopp.files.wordpress.com/2008/06/resultat-mefjellet-opp-2016-kopi.pdf

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info