Laga ballongkunst

To av dei tilsette ved Coop Marked, Gunn Elise t.h. og Camilla med sine flotte hattar av ballongar.

To av dei tilsette ved Coop Marked, Gunn Elise t.h. og Camilla med sine flotte hattar av ballongar.

Lilleballong Vegard var på Coop Marknad laurdag. Saman med sin assistent Sina Helen laga dei flott ballongkunst.

Det vart fleire kunstferdige figurar som Vegard frå Bergen og assistent Sina frå Frøysa delte ut på Coop Marknad Hellesylt laurdag. Og alt var gratis både til barn og til vaksne personar. Mellom «kunsten» var shiraffar, hjarte, roser og ikkje minst ballongsverd som såg ut til å vere det mest populære.

Også tilsette ved Coop på Hellesylt fekk staseleg hovudpryd i gåve av Vegard og Sina. I Vestlandets hovudstad har foreldra til Lilleballong forretning der dei sel mellom anna ballongar. Der starta Vegard Gjelsvik å øve seg på å lage ballongfigurar for tre år sidan. Han meistra hobbyen sin flott.

Lilleballong Vegard og assistent Sina Helen.

Lilleballong Vegard og assistent Sina Helen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380