Løyperekord av Sara Sæter
Sara Sæter heldt stor fart i jenteklassa gjennom den 1600 meter lange løypa i Hellesyltløpet. Det vart ny løyperekord.
Det gjekk fort under Hellesyltløpet. I herreklassa vart det ny løyperekord ved Joar Thele, Lyn ski, men også Sara Sæter frå arrangørklubben rasa inn til ny rekord i jenteklassa.Sluttida 5.38 var ti sekund betre enn den gamle som tilhøyrde Eline Bentsen, IL Vinge. Sara Sæter har gjort unna den 1600 meter lange løypa på god tid også tidlegare. I fjor kom ho i mål på 5.57. I alt 22 jenter deltok i klassa.
Arrangørklubben Sunnylven IL kunne også notere siger i klasse gutar under Hellesyltløpet 2016. Kristian Frøysadal Hauge gjorde eit flott løp i duskregnet og vann på 5.11, to sekund føre Eskil Linge Glomnes, Valldal IL. Det deltok 26 gutar i klassa. Løyperekorden i guteklassa tilhøyrer Gaute Bø, Markane IL frå 2013 og er på 4.41.