Lyn ski på plass
Tidlegare Lyn ski-trenar Hans Kristian Stadheim har fått trenarjobb i Team LeasPlan, langløpslaget til Thomas Alsgaard. Til den årlege treningsveka i Sunnylven har han med flest Lyn ski-løparar.
Søndag 3. juli kom Hans Kristian Stadheim til heimbygda med 13 langrennsløparar, dei fleste frå Lyn ski. Samlinga er som tidlegare både trening, sosialt samvær og deltaking i Hellesyltløpet 9. juli.
Det er Henrik Bakke Lyn ski som har løyperekorden i det 6.6 km. lange Hellesyltløpet. 21.15 står for fall om forholda blir optimale, får vi oss fortalt frå gjengen som den lokale regionavisa meinte var eit Lyn-nedslag i Sunnylven i 2013. Då var det Lyn ski bak dei fremste på resultatlista.
Nesten like dominerande var dei året etter, men Kristian Nedregård, Spjelkavik IL kneip sigeren. I fjor var han sjanselaus mot Henrik Bakke, Jonas Frorud og Anders Mølmen Høst, alle Lyn ski.
Mange vil til Hellesylt på den tradisjonelle treningsveka med avsluttande Hellesyltløp, har vi blitt oss fortalt. Det har blitt ei streng utvelging for å få vere med til Sunnmørsbygda. Eitt av krava er at vedkomande må kunne å danse swing under avslutninga i messeteltet laurdag kveld. I år fekk 13 løparar godkjent på denne opptaksprøva!!