Mange til Høgreiten

Ei blåsegruppe sytte for tonefylgje til salmesongen.

Ei blåsegruppe sytte for tonefylgje til salmesongen.

Friluftsgudstenesta på Høgreiten søndag samla rundt 120 unge og eldre, det meste nokon gong.

Det var verdsarvprest Morgan Berg som heldt preika der han la vekt på det med forventning, og det å ha blikket retta mot det rette, å tru.

Det var mykje salmesong og då med gamle, trauste songar som «Så grøn en drakt så rik en duft», «Herre Gud ditt dyre namn og ære», og som avslutning «Gud signe vårt dyre fedreland».

Ei gruppe messingblåsarar sytte for tonefylje til songen og dei hadde også eige musikkinnslag i samband med nattverd. Musikarar var Ingeborg Langeland, Maria Langeland, Lars Kvam Karbø, Oddbjørg Stadheim og Gunnar Inge Eide. Til slutt vart set servert kyrkjekaffi.

Lars Kvam Karbø fekk blomar og gåvekort frå Sunnylven sokneråd overrekt av Stig Tryggestad. Svein Runde og Morgan Berg til venstre.

Lars Kvam Karbø fekk blomar og gåvekort frå Sunnylven sokneråd overrekt av Stig Tryggestad. Svein Runde og Morgan Berg til venstre.

Ung organist

Etter gudstenesta vart Lars Kvam Karbø sett pris på. 19-åringen er organist i Sunnylven kyrkje, eit musikktalent som starta på orgelkrakken alt som niåring. Prost Svein Runde fortalde frå tida då han starta øvingane på orgelet i Sunnylven kyrkje. Han var ivrig etter å lære så straumrekningane steig i dei åra. Og dei gonger Lars sat ved pianoet og spela ragtime under kollekt kom det alltid inn mykje pengar, skjemta prosten.

Under friluftsgudstenesta på Høgreiten fekk Lars Kvam Karbø overrekt blomar og eit gåvekort på G-sport av leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad.

Kyrkja 3

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380