«Mein Schiff 5» til Hellesylt for fyrste gong.

Frå venstre professor Annik Magerholm Fet frå NTNU, kaptein Kjell Holm, og Inge Hole frå Stranda Hamnevesen.

Frå venstre professor Annik Magerholm Fet frå NTNU, kaptein Kjell Holm, og Inge Hole frå Stranda Hamnevesen.

«Mein Schiff 5» besøkte  torsdag 28.07 både Geiranger og Hellesylt. Dette er fyrste gongen skipet var på besøk, så tradisjon tru foregjekk det plakettutveksling mellom hamn og skip. Dette foregjekk i Geiranger. Inge Hole overrakte plakett frå Stranda hamnevesen til kaptein Kjell Holm.

"Mein Schiff 5" på Hellesylt torsdag kveld.

«Mein Schiff 5» på Hellesylt torsdag kveld.

Skipet er bygd i år og døypt 16 juli. Ho er registrert på Malta, med Valetta som heimehamn. Til Hellesylt og Geiranger kom det med om lag 2.500 passasjerar.

Utsyn frå «Mein Schiff 5» mot kaia på Hellesylt. (Foto: Inge Hole).

Utsyn frå «Mein Schiff 5» mot kaia på Hellesylt. (Foto: Inge Hole).

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info