Midt-norsk meisterskap skyting

Trygve Aaland Tryggstad, Sunnylven skyttarlag fekk fleire sterke plasseringar i Midt-norsk meisterskap.

Trygve Aaland Tryggstad, Sunnylven skyttarlag fekk fleire sterke plasseringar i Midt-norsk meisterskap.

Engesetdal og Skodje skytterlag arrangerte Midt Norsk Meisterskap i felt og baneskyting frå fredag 1. juli til søndag 3. juli.

Tekst/foto: Rune Tryggestad.

Rundt 350 skyttarar frå Trøndelag og Møre og Romsdal deltok under Midt-norsk meisterskap

Sunnylven Skytterlag stilte med ni deltakara i meisterskapen, og både på  felt og baneskytinga gjorde dei sine saker godt.

På finfelten vart Isak Frøysadal Hauge nr 18 med 30/14  treff i Rekruttklassa

Broren Kristian Frøysadal Hauge var hakket  kvassare i kl. Eldre Rekrutt der han skaut fullt hus med 42/ 27 treff. og vart nr 11.  Men her er konkuransen knallhard og det må nesten vere innertreff om ei vil gå til topps.

I  kl. V/ 73 vart Oddmund Fivelstad nr 7  med 41/31  treff.

GULL I LAGSKYTING PÅ GROVFELT.

Ivar Fivelstad, Trygve Aaland Tryggestad og Nils Olav Frøysa tok gull i  lagskyting på Sunnmøre Skyttersamlag sitt åtte-mannslag på grovfelten.

SØLV TIL IVAR FIVELSTAD .

På grovfelten vart Ivar Fivelstad nr 2  i kl. 5 og nr 2 samanlagt med 41/14 treff.

Trygve Aaland Tryggestad vart nr 2 i kl. 4 og nr 10 samanlagt med  39/20 treff.

Kjell Oddvar Frøysa skaut 34/14 i kl. 4 og vart nr 18 i klassa.

Nils Olav Frøysa vart nr. 2 i kl. 3 med resultat 38/18

Dag Andre Hauge i same klasse fikk 30 /14 og vart nr. 13

I kl. 2 skaut Rune Tryggestad 23/5 og vart nr. 12

Det vart og skote stang og felthurtigskyting

I kl. Eldre Rekrutt vann Kristian Frøysadal begge deler med 11  treff på stang og  23.76 sek på felthurtigskytinga

Av seniorane var det Trygve Aaland Tryggestad som var skarpast. Han vart nr. 5 samanlagt på stangskytinga med 21 treff og nr. 7 samanlagt på felthurtigskytinga med 11.51 sek.

BANESKYTING

På bane 100 m 25 skot innleiande skyting vart resultata slik.

Klasse Rekrutt

Isak Frøysadal Hauge 242/7* nr 14

Klasse Eldre Rekrutt

Kristian Frøysadal Hauge 248/15* nr 15

Veteran 73

Oddmund Fivelstad 248/16* nr. 10

200 m 25 skot 

Kl. 5 Ivar Fivelstad  241/6* nr. 15

Kl. 4 Trygve Aaland Tryggestad 240/7* nr. 4

  1. 4 Kjell Oddvar Frøysa 238/6* nr. 5

Kl. 3 Dag Andre Hauge 232/5* nr. 5

  1. 3 Nils Olav Frøysa 225/5* nr. 10

Kl. 2 Rune Tryggestad 220/1* nr.28

Finaler på søndag

På 200 m skaut Trygve Aaland Tryggestad finalen på søndag. Krevande «svenske» finale med 5 skot kne i serie+5skot ståande enkeltskot med anvising mellom kvart skot. Han vart nr 30 samanlagt i kl. 3-5.

Trygve Aaland Tryggestad skaut og på U/25 år laget til Sunnmør Skyttarsamlag som tok bronsemedalje på baneskytinga saman med Hanne Vangen, Ola Vangen og Fride Lise Fagervoll.

U-25 laget til Sunnmøre skyttarsamlag med Trygve Aaland Tryggestad (bak til høgre) skaut til bronse på bane.

U-25 laget til Sunnmøre skyttarsamlag med Trygve Aaland Tryggestad (bak til høgre) skaut til bronse på bane.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380