LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Møt kunstnaren i Peer Gynt galleriet.

 

Olav Harald Ulstein er til stades i Peer Gynt galleriet både laurdag og søndag under Hellesyltdagane.
Olav Harald Ulstein er til stades i Peer Gynt galleriet både laurdag og søndag under Hellesyltdagane.

Kunstutstillinga med måleri av Olav Harald Ulstein, Sykkylven vart opna i Peer Gynt galleriet 5. juni . Under Hellesyltdagane kan ein møte kunstnaren både laurdag og søndag.

Kunstutstillar i Peer Gynt galleriet i sommar er Olav Harald Ulstein frå Sykkylven. Han hadde stor utstilling der også i 2009. Ulstein som opphavleg er frå Hareid, men som tidleg gjorde sykkylving av seg, målar landskap. Spesielt er det staute Sunnmørsfjell som blir gjenskapt på lerretet i både store og små versjonar. Fargane blått og kvitt er tydeleg vis favorittar hos kunstnaren, ein fargekombinasjon som går igjen i dei fleste av bileta som er utstilt på Peer Gynt galleriet.

Mellom flotte måleri i kunstsenteret på Hellesylt og som er måla utan pensel, er fleire av motiva frå Sunnylven. Ta turen innom Peer Gynt galleriet, der kan ein møte kunstnaren både laurdag 9. og søndag 10. juli og sjå mektig landskap som bilete, til dømes Helsetkopen der World Base Race arrangerer konkurransar under Hellesyltdagane.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380