Lokalnytt

Møter cruisebåtmannskap til fotballkamp

Mannskap frå cruisebåten Balmoral blir motstandar til Sunnylven i fotballkamp på Hellesylt stadion torsdag.
Mannskap frå cruisebåten Balmoral blir motstandar til Sunnylven i fotballkamp på Hellesylt stadion torsdag.

Sunnylven herrer møter mannskap på cruisebåten Balmoral til fotballkamp på Hellesylt stadion torsdag 21. juli.

I samband med at Fred Olsen-båten Balmoral kjem til Hellesylt torsdag blir det fotballkamp mellom mannskap og Sunnylven herrer. Båten kjem til Hellesylt kai kokka 08.00 og blir liggjande til klokka 15.30. Fotballkampen har avspark klokka 12.00, får vi opplyst.

Sunnylven sitt seniorlag spelar ikkje i serie i år, men Kirsti Frøysadal Hauge i fotballstyret melder om eit solid mannskap til oppgjøret likevel. Og det blir blanding av damer og herrar grunna kamptidspunkt og ferie. Kristin, Olene og Kirsti sjølv stiller i den raude og kvite drakta for heimelaget. Av tidlegare storspelarar nemner ho Stein i mål, Henning, Jørgen S, Magnar, Eivind og Ole Christian med fleire. Kampleiing har Kirsti sikra seg av seriedomar Steinar Hjelle, så alt skal foregå korrekt sjølv om det heile blir som moro og i vennskapelege former.

Fotballgruppa håper mange kjem og ser på kampen. Det blir jobba med å få til open kiosk på Hellesylt stadion torsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380