Dagens Bilde

MS Spitsbergen.

MS Spitsbergen ved kai på Hellesylt. (foto: Arne Inge Tryggestad).
MS Spitsbergen ved kai på Hellesylt. (foto: Arne Inge Tryggestad).

MS Spitsbergen var til kai på Hellesylt torsdag 14 juli. Dette er Hurtigruten sitt fyrste skipskjøp på ti år. MS Spitsbergen vart døypt i Svolvær 6. juli 2016 av eventyraren Cecilie Skog frå Ålesund.

Skipet vart bygd i 2009 og fekk då namnet MS «Atlântida». Planen var at ho skulle gå i rute langs Azorene, men grunna finanskrisa vart ikkje dette noko av. Hurtigruten AS kjøpte henne sommaren 2015, og ho vart deretter ombygd ved Fosen Verft. Ho har har 215 køyeplassar.

Kjelde:
Wikipedia
Bladet Vesterålen

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info