Ny anderekord i Hellesyltfossen

Berit T. Hole vann fyrstepremien i andesleppet. Prost Svein Runde til høgre.

Berit T. Hole vann fyrstepremien i andesleppet. Prost Svein Runde til høgre.

Arrangøren sende 2145 gule plastender ut i den mykje fotograferte Hellesyltfossen i år. Det var ny deltakarrekord.

Berit T. Hole frå Hellesylt vann største premien i andsleppet som var avslutninga søndag på nye suksessfulle Hellesyltdagar. I år var det 12. gongen dei gule badeendene vart tippa i elva på Høgebua og starta reisa ned Hellesyltfossen. Like forbi Hellesylt bro blir dei stoppa av oljelensa og sanka inn etter kvart. Men dei 11 fyrste gav pengepremiar til heldige loddkjøparar. Vanlegvis er dei ti fyrste til oljelensa «premieender», men grunna godt sal vart det ein ekstrapremie i år.

Gjennom 12 andeslepp har arrangøren delt ut 300.000.- kroner totalt i premie, i år åtte på 1000.-kroner, ein på 3000.- ein på 5000.- og hovudgevinsten på 10.000.- kroner.

Som alltid tidlegare var det svært mange som såg på andesleppet også i år og venta spent på si and. Fast premieutdelar i alle år har vore prost og tidlegare sokneprest i bygda, Svein Runde. Han kjenner folket både på alder og med bustader så utdelinga blir krydra med ekstra opplysningar og gjer utdelinga litt ekstra spanande for dei mange som ventar på resultatet.

Her er andefamilien på veg til starten frå Høge bru.

Her er andefamilien på veg til starten frå Høge bru.

Her er vinnarane frå andesleppet 2016;

1000.- kroner; Maiken Hauge, Inge Korsbrekke, Gerd Hole Kamsvåg, Jon Terje Butler, Anna Flydal Hjelle, Lars Hjelle, Olai Myklebust, Oddmund Fivelstad.

3000.- kroner; Jesper Gausnes Åsen, Sjøholt

5000.- kroner; Erling Ove Berstad

10.000.- kroner; Berit T. Hole, Hellesylt.

Mange hundre, kanskje meir enn tusen spente loddkjøparar venta tolmodig på si and

Mange hundre, kanskje meir enn tusen spente loddkjøparar venta tolmodig på si and.

Startskotet har gått og 2145 deltakarar startar kappløpet ned Hellesyltfossen.

Startskotet har gått og 2145 deltakarar startar kappløpet ned Hellesyltfossen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380