Ole Arild Aa vann Hytteholstemnet 2016.

Hyttehola.

Hyttehola.

Ole Arild Aa frå Hyen vart vinnar av Hytteholstemnet 2016 med 345 poeng. I klasse 3-5 vart Ivar Fivelstad best av dei lokale skyttarane. Han vart nummer 4 med 343 poeng.

Vidare vart Kjell Oddvar Frøysa nummer 17 med 335, Trygve Aaland Tryggestad nummer 30 med 329, og Nils Olav Frøysa nummer 35 med 325.

I klasse Eldre Rekrutt vart Kristian Frøysadal Hauge nummer 6 med 346. Her vann Håvard Tynes frå Sykkylven med 350 poeng.

I klasse Rekrutt vart Isak Frøysadal Hauge nummer 6 med 325 poeng. I denne klassa var det Nora Sæterøy Høybakk frå Langevåg som vann med 348.

I klasse V73 vart Oddmund Fivelstad nummer 6 med 347 poeng. Dette var tre poeng bak vinnaren Erling Haugland frå Fana.

Samanlagt leiar Bertil Oddne Mjellem frå Hyen i kampen om Tryggestad Kraft sitt vandretrofe 2013-2017. Han har 51 poeng. Beste Sunnylving er Ivar Fivelstad på 6 plass med 22 poeng.

Medaljevinnarar vart følgande:

kl 3-5
1.Ole Arild Aa, Hyen 345 gm
2.Bertel Oddne Mjellem, Hyen 344 sm
3. Jo Salthammer, Vestnes 343 bm

Kl V55
1. Trond Jøingsli, Lom og Skjåk 342 gm
2. Leiv Reksten, Nordbygda og Rand 339 sm

Kl V65
1. Oddmund Nilsen, Langevåg 349 gm
2. Rolf Rakvåg, Rakvåg 349 sm

Kl V73
1. Erling Haugland, Fana 350 gm
2. Toralf Årda,l Jølster 350 sm

Kl R
1. Nora Sæterøy Høybakk, Langevåg 348 gm

Kl ER
1. Håvard Tynes, Sykkylven 350 gm

Kl J
1. Vegard Taklo, Hundeide 348 gm

Full resultatliste finn du på:
http://www.skyttar.no/files/resultat%20hytteholstemnet%202016.pdf

Samanlagtstillinga i kampen om Tryggestad Kraft sitt vandretrofe 2013-2017 finn du her:
http://www.skyttar.no/files/Tryggestad%20kraft%202013-2017.pdf

logo

Sunnylven Skyttarlag.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info