Lokalnytt

Olsokstemne i fullsett løe

Kåsør på olsokfesten Odd Norman Hoff framfor løa i bygdetunet.
Kåsør på olsokfesten Odd Norman Hoff framfor løa i bygdetunet.

Venneforeninga for Hellesylt bygdetun skipa fredag til olsokstemne for nittande året på rad. Stemnet vart ein suksess, og med ny publikumsrekord. Heile 65 personar var sessa i løa i bygdetunet då leiaren i venneforeninga, Odd Jostein Bjørdal ønskte velkomen og presenterte programmet for kvelden.

Leiar i venneforeninga for Hellesylt Bygdetun Odd Jostein Bjørdal.
Leiar i venneforeninga for Hellesylt Bygdetun Odd Jostein Bjørdal.

Den mest tre timar lange samlinga vart opna med allsong: «Nordmannen»,  med tonefylgje på trekkspel av Reidar Almestad frå Ørsta. Han og Oddvar Gausdal veksla så på å spele til underhaldning og til fleire allsongar. Mellom anna vart første verset av «Gamle grendi» sunge.
– Her er det fleire vers, så vi får ta eit nytt vers kvart år framover, meinte Odd Jostein Bjørdal.

Bildetekst: Oddvar Gausdal stod for musikken saman med Reidar Almestad frå Ørsta.
Bildetekst: Oddvar Gausdal stod for musikken saman med Reidar Almestad frå Ørsta.

Så vart velsmakande rjomegraut med tilbehør servert ved borda, før ordet vart gjeve til Odd Normann Hoff. I tillegg til eit stort, viktig og langvarig arbeid for Storfjorden har Hoff også mellom anna studert namnebruk og busetnad i Sunnylven. Dette var tema for kåseriet hans denne kvelden. Her fekk vi følgje i fara etter dei første sunnylvingane.

Bildetekst: Tilhøyrarane var tydeleg interessert i det Odd Norman fortalde om.
Bildetekst: Tilhøyrarane var tydeleg interessert i det Odd Norman fortalde om.

– Namna på gardane fortel mykje om kva tid dei oppstod. Busetjinga spreidde seg som ringar i vatnet og folk slo seg først ned der jorda var best, fortalde Hoff.
Han viste og til mange måtar gardsnamna har endra seg på. Ein god del namn har nok forsvunne til dømes når gardar har slått seg saman, eller har blitt delte opp. Nye namn kan ha fortrengd gamle, og namn kan også ha blitt forbytta, fortalde han og gav døme på det frå Sunnylven.

Gardsnamn gjennom tidene
Hoff fortalde svært interessant om korleis gardsnamna kan vere til stor hjelp for å tidfeste kva tid gardane vart dyrka opp. På eit stort kart viste han korleis denne utviklinga har vore i Sunnylven. Dei aller eldste gardane hadde namn som Li, Ås, Haug og Os. Seinare, om lag for 2000 år sidan og framover kom gardar med -vin namn. Gardar med -heim i namnet ligg sentralt i Sunnylven og var bygde på den største og beste jorda. Frå vikingtida og utover fekk vi gardar med -stad, -land og -set i namnet. Desse var ofte knytt saman med personnamn. Ut frå desse namna kunne ein så sjå om gardane var frå førkristen tid eller seinare. Endå yngre var gardsnamn i bunden form som Lia, Haugen, Åsen og Osen, fortalde Hoff.

Kaffe, kaker og utlodding
Så kom det kaffe og kaker på borda, og sal av lodd gjekk strykande. Venneforeninga hadde fått svært mange gevinstar til utlodninga si, og desse fekk no nye eigarar.

Ny besøksrekord på Olsokstemne.
Ny besøksrekord på Olsokstemnet.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *