LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Rådmannen opna Dagane

Rådmann Åse Elin Hole opna Hellesyltdagane 2016.
Rådmann Åse Elin Hole opna Hellesyltdagane 2016.

Rådmann i Stranda, Åse Elin Hole stod for opning av dei 29. Hellesyltdagane laurdag. Ho rosa den vesle bygda og folket som bur der.

Åse Elin Hole som er frå Sunnylven var stolt og glad over å få oppleve Sommardagar i heimbygda enno ein gong. Berre fem gonger har det ikkje passa seg slik, sa ho. Det var viktige dagar som minte om identiteten til kvar og ein, -kanskje lever vi i den finaste delen av verda, sa ho, eit området som ho omtala som indrefileen.

Helga med Hellesyltdagar var gjerne starten på fellesferien for dei fleste, og på Hellesylt fekk ein opplevingar som gav varige sommarminne, som kyrkjekonsert, Hellesyltløpet, underhaldning gode handletilbod og ein prat med gamle kjente.

-Det er lett å framsnakke Hellesylt som det flotte på indre Sunnmøre, eg er stolt av å vere her i frå. Det er eit lite samfunn, men robust nok til å møte motgang og løyse konflikter som måtte oppstå. Det gjev samhald og fører til dugnadsinnsats til beste for bygda og tilreisande. Takk til alle lag og enkeltpersonar for at dei har skapt Dagane. For meg er det ei stoltheit og ei glede å seie at Hellesyltdagane er her, sa Åse Elin Hole.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380