Raust av Sparebanken Møre

Banksjef Stig Tryggestad t.h. delte ut gåvemiddlar til Hellesylt Ungdomslag, Hellesyltdagane, Pårørandeforeininga, Bygdetunet, Sunnylven Vilt og Fislelag, Tronstad Grendalag, Bygdekvinnelaget og Sunnylven IL.

Banksjef Stig Tryggestad t.h. delte ut gåvemiddlar til Hellesylt Ungdomslag, Hellesyltdagane, Pårørandeforeininga, Bygdetunet, Sunnylven Vilt og Fislelag, Tronstad Grendalag, Bygdekvinnelaget og Sunnylven IL.

Banksjef Stig Tryggestad hadde både mange og store pengegåver til utdeling under avslutninga av Hellesyltdagane søndag.

Heile 390.000.- kroner kunne lag og organisasjonar i Sunnylven ta mot frå Sparebanken Møre søndag. I tillegg har banken tidlegare også gjeve støtte til Hellesylt Næringslag til infotavle/skjermar på 60.000.-

-Eg har sagt det tidlegare år, men gjentek det gjerne at Sommardagar på Hellesylt eller Hellesyltdagane er ein kjempestor dugnad for ei lita bygd. Alle desse som jobbar med Dagane er gode representantar for dugnadsånda i bygda. Og det er kjekt å sjå at det kjem så mykje folk og støttar opp om lag og organisasjonar. Sparebanken Møre ønskjer også å støtte opp om arbeidet og deler ut gåvemiddlar. Dette er overskot som vi deler med kundane våre, sa Stig Tryggestad mellom anna før han kalla på scena representantar for mottakarar av gåver større enn 30.000.- kroner. Desse var;

Hellesylt Ungdomslag, badehuset, 30.000.-

Sunnylven Vilt og Fiskelag, 30.000.-

Pårørandeforininga ved Sunnylven Omsorgssenter, 30.000.-

Hellesyltdagane, 30.000.-

Stiftinga Hellesylt Bygdetun, 30.000.-

Tronstad Grendalag, 40.000.-

Sunnylven Bygdekvinnelag, 50.000.-

Sunnylven Idrottslag, 80.000.-

Desse laga får også tildelt gåvemiddlar frå Sparebanken Møre 2016;

Sunnylven samfunnshus, 20.000.-

Sunnylvsbygda grendalag, 10.000.-

Støttegruppa for Sunnylven bibliotek, 15.000.-

Gamleskulen aktivitetsmuseum, 15.000.-

Sunnylven Pensjonistlag, 10.000.-

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380