Reisebrev frå Emilie.
Emilie Brekke vann tur til Amerika saman med åtte andre frå Norge i ein skrivekonkurranse som organisasjonen Odd Fellow arrangerte. Her er eit reisebrev frå jenta frå Sunnylven.
Hei, alle Sunnylvingar!
Kvart år arrangerar Odd Fellow, i samarbeid med FN, ei reise for ungdom over heile verda for å lære meir om verdsorganisasjonen FN og deira arbeid. I år er eg ein av dei heldige som får representere Noreg i dette programmet. I løpet av to veker får eg oppleve mykje spennande og lærerikt saman med ungdom frå blant anna USA, Canada, Sveits og Nederland.
Så langt har vi vore i Philadelphia, New York og Washington D.C. Høgdepunktet var sjølvsagt å få besøke FN sitt hovudkvarter i New York City. Vi brukte to dagar der, og vi var med på både omvisning og foredrag holdt av folk som jobbar i FN. I samband med dette, vart det arrangert ein talekonkurranse. Temaet for talen var FN sine mål for berekraftig utvikling og kva vi som globale innbyggarar kan gjere for å nå dei innan dei neste 15 åra. Claire Bryar frå Oregon, USA vann førstepremien, som var eit utdanningsstipend i USA på 1000$.
Vi har også sett det Hvite Hus i hovudstaden og besøkt Empire State Building i New York. Vi har også vore på båttur til både Liberty Island og Ellis Island. I kjent amerikansk stil er det pannekaker og sirup til frokost, så eg gler meg til å komme heim til grovbrød og brunost!
Emilie Brekke