Lokalnytt

Sommarkonsert fylte Lensmannsstova

Aktørar under Sommarkonserten,frå venstre Anne-Berit Skrivervik Sultani, Askjell Molvær, Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole.
Aktørar under Sommarkonserten,frå venstre Anne-Berit Skrivervik Sultani, Askjell Molvær, Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole.

Det var trangt om plass i Lensmannsstova på Lillebø onsdag kveld. Der fekk nær nitti personar fordelt på to konsertar oppleve nasjonalromantisk song og musikk av gode utøvarar.

Sommarkonsert i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven vart ein suksess på alle måtar. Publikum strøymde til fleire enn nokon gong og fire utøvarar leverte song og musikk av høg klasse. Husvertinna Synnøve Hjellbakk Hole hadde samla eit lite stjernelag av song -og musikkrefter der nasjonalromantiske songar og tradisjonsmusikk stod på programmet.

Dei tre jentene, Anne-Berit Skrivervik Sultani, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole er kjente frå ungdomsåra og nær profesjonelle innan song og musikk. Under konserten i Lensmannsstova hadde dei med seg Askjell Molvær på trøorgel, jazzmusikar frå Sula, organist og mangeårig kulturskulelærar.

Nær nitti personar var til stades på dei to konsertane i Lensmannsstova
Nær nitti personar var til stades på dei to konsertane i Lensmannsstova

Sopranen Anne-Berit Skrivervik Sultani frå Stryn er utdanna innan musikk, men jobbar som lærar i Askim. På programmet onsdag stod songar frå 1800-talet av Grieg, Kjerulf og Ole Bull, og eit par av J.S. Bach og Hăndel.

Anne-Berit synest det er stas å kome heim og få vere saman med gamle kjente på desse sommarkonsertane, i år andre gongen i Lensmannstova. Det medfødte instrumentet hennar er fantastisk å høyre på. Ei sjeldan stemmeprakt som går høgt og lavt, reint, kraftfullt og klangfullt, og som begeistra dei frammøtte.

Arve Sølvberg, Stryn var gjestemusikar i reinlendaren Aften på Erdal.
Arve Sølvberg, Stryn var gjestemusikar i reinlendaren Aften på Erdal.

Askjell Molvær sytte for tonefylgje på trøorgelet, som han gjorde også når Gunnhild Sindre frå Markane og Synnøve Hjellbakk Hole stilte med fele og drog i gong slåttar som «Sommarkveld på Videseter» av Per Bolstad og reinlendaren «Aften på Erdal» med Arve Sølvberg, Stryn som gjestemusikar. Då var det rørsle i dansefoten hos fleire i konsertstova.

Også i fjor var det Sommarkonsert i Lensmannsstova på Lillebø. I år var publikum over dobbelt så stort, nær nitti var til stades på dei to konsertande. Synnøve Hjellbakk Hole var svært fornøgd med oppslutninga, den var langt over det ho hadde forventa. At det blir ny Sommarkonsert neste år kunne ho love alt no. Og aktørane, jau også dei kjem tilbake.

Anne-Berit Skrivervik Sultani og Askjell Molvær.
Anne-Berit Skrivervik Sultani og Askjell Molvær.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380