Sommarkonsert i Lensmannsstova

Anne-Berit Skrivervik Sultani t.v., Askjell Molvær, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole blir å høyre under sommarkonserten i Lensmannsstova. (Foto frå arkivet)

Anne-Berit Skrivervik Sultani t.v., Askjell Molvær, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole blir å høyre under sommarkonserten i Lensmannsstova. (Foto frå arkivet)

Ein kvartett av dyktige musikarar og songarar inntek Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven onsdag 20.juli. Der blir det sommarkonsert mellom antikvariske møblar og trauste tømmerveggar.

Eit nær stjernespekka lag av musikarar, Askjell Molvær på trøorgel, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole begge på fele, og sopranen Anne-Berit Skrivervik Sultani er tilbake med ny sommarkonsert i Lensmannsstova. Som i fjor blir det også denne gongen framføring av nasjonalromantiske perler av song og musikk.

Det er lagt opp til to konsertar onsdag 20 juli, ein kl. 19.00 og den andre kl. 21.00. Pris kr. 150.- pensjonistar kr. 100.- og barn under 15 år gratis. Påmelding til Synnøve Hjellbakk Hole via sms på mobilnummer 90951185 eller 90143678.

Det blir også høve til å sjå seg rundt i den restaurerte Lensmannsstova. Salg av kaffi og sveler.

Sjå aktivitetskalendar på hellesylt.info om ein stemningsfull kveld i Lensmannsstova.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380