For 35 år sidan

Sunnylven Idrottslag – EIN AKTIV 80-ÅRS JUBILANT

Formannen i Sunnylven IL, Arild Ringdal, kunne ønskje alle vel møtt til ein uformelt opplagd, men svært vellukka festkveld. Denne forma på jubileumsfesten hadde ein valt sidan det ved 75 - års jubileet var lagt opp til ei meir formell og høgtideleg feiring.
Formannen i Sunnylven IL, Arild Ringdal, kunne ønskje alle vel møtt til ein uformelt opplagd, men svært vellukka festkveld. Denne forma på jubileumsfesten hadde ein valt sidan det ved 75 – års jubileet var lagt opp til ei meir formell og høgtideleg feiring.

– Vi har valt å bruke programmet til å la gruppene i idrettslaget få presentere laget sine aktivitetar i dag innanfrå, og har difor lagt denne 80- års festen meir uformelt opp. Det var formannen i Sunnylven IL, Arild Ringdal, som sa dette i talen sin til ein fullsett sal, då han opna festen laurdagskvelden.

Og dei om lag 300 frammøtte fekk ein hyggjeleg festkveld, der programmet veksla mellom song, dans, musikk og sketsjar, og med kåseri der ein og tok eit attersyn på lagssoga.
I tur og orden stod dei fram, både ungar og vaksne og presenterte gruppene sine. Dei synte at det er ein jubilant med stor aktivitet og vitalitet som no rundar 80 år. Og får dei unge i laget leiarar som har tid å vilje til å føre arbeidet i laget vidare etter det mønster som no er lagt, trur vi Sunnylven IL kan sjå ljost på framtida.

På ein slik festkveld høyrer og god mat til. Og etter programmet vart velsmakande mat boren inn før salen vart rydda til dans.

UFORMELL OG HYGGJELEG 80-ÅRS FEST

Bildetekst: Programleiar for festen var Hans Rudi.
Bildetekst: Programleiar for festen var Hans Rudi.

Formannen i Sunnylven IL ønskte dei over 300 frammøtte hjarteleg velkomne, og han brukte elles talen sin til ein gjennomgang av laget sine aktivitetar i dag.

Laget er no aktivt på svært mange felt både i somar – og vinteridrettar og både i trim og konkurranseidrettar. Om festen sa Ringdal at dei hadde lagt denne festen opp meir uformelt. Kvar gruppe stod for sine programpostar der dei presenterte laget innanfrå.

Programleiaren Hans Rudi gav så ordet til Erling Hole. Han barfram ei helsing til laget frå A.P Ringdal. I si helsing mintest A.P. Ringdal ei helsing idrottslaget i si tid hadde fått frå dåverande distriktslækjar Torgersen. Her vart den positive ungdomen framheva som den kraft ein må byggje samfunnet vidare på, og Ringdal meinte det hadde gyldigheit også no i vår tid.

Bildetekst: Langedalens Visegruppe framførte ei velskriva vise av Ivar Bjarne Tronstad. Frå v: Knut Hansen, Magne Auflem, Ivar Bjarne Tronstad, Harald Tronstad og Tor Tryggestad.
Bildetekst: Langedalens Visegruppe framførte ei velskriva vise av Ivar Bjarne Tronstad. Frå v: Knut Hansen, Magne Auflem, Ivar Bjarne Tronstad, Harald Tronstad og Tor Tryggestad.

Skigruppa var deretter første gruppa som presenterte· seg. Dette gjorde dei med ei svært velskriva vise av Ivar Bjarne Tronstad. Visa var eit attersyn på lagssoga forma i vers, og det var Langedalens Visegruppe som stod for framføringa.

Bildetekst: Ein uvanleg rak og frisk 81- åring Ingvald Tryggestad, fortalde frå si tid som hoppar i Sunnylven IL.
Bildetekst: Ein uvanleg rak og frisk 81- åring Ingvald Tryggestad, fortalde frå si tid som hoppar i Sunnylven IL.

Ein uvanleg rak og frisk 81-åring, Ingvald Tryggestad, fortalde så frå si aktive tid i laget. Tryggestad var sjølv ein dugande skihoppar, og hadde mange gode og morosame minne frå den tida.

Han fortalde og om utviklinga av skiutstyret og smurningen, og om korleis dette førte til stendig auka hopplengder frå om lag 20 til over 60 meter i hans konkurransetid.

På den tid var Langedølene dei fremste i bakken her i området, og Tryggestad nemnde mange namn og prestasjonar som klart viste det.

Ingvald Tryggestad var som kjent den første formannen i laget då Sunnylven IL vart skipa i 1932.
 
Trimgruppa var deretter i elden med ein sketsj som synte behandlinga trimmarar kunne vente seg i det nyopna Trangvikens Helsestudio, når dei slitne kom inn etter trimtur Steimsnibba rundt.

Bildetekst: Oddmund Fivelstad, sjølv ein veteran i friidretten i bygda, fortalde om utviklinga i friidretten i bygda, frå starten i IL Framsteg og fram til i dag.
Bildetekst: Oddmund Fivelstad, sjølv ein veteran i friidretten i bygda, fortalde om utviklinga i friidretten i bygda, frå starten i IL Framsteg og fram til i dag.

Oddmund Fivelstad fortalde i eit kåseri om utviklinga i friidretten i bygda. Frå den spede starten i IL Framsteg og fram til i dag.

Interessa for friidretten har gått i bølgjer her i bygda. Men Fivelstad drog fram einskildnamn som for si tid nådde svært respektable resultat.

Frå meir individuelle tevlingar, har laget i det siste ti- året særleg hevda seg godt i stafettane, der ein og i 4 år makta stille lag til Holmenkollstafetten.

Det lengste innslaget stod fotballgruppa for. Men så hadde dei og i tillegg til banenemnda heile 7 fotballag som skulle presenterast. Dette vart gjort med mykje moro og ofte med stor sjølvironi.

Bildetekst: Ein heil bunke dyktige artistar. Frå venstre jentelaget, deretter balletten til damelaget og til høgre musikantane som representerte gutelaget på festen.
Bildetekst: Ein heil bunke dyktige artistar. Frå venstre jentelaget, deretter balletten til damelaget og til høgre musikantane som representerte gutelaget på festen.

Damelaget presenterte seg gjennom ein ballett, og jentelaget gjennom song: B- laget parodierte sin eigen treningsiver.
Og Fj- Cup laget var laget med den store framgang – frå 0 -15 til 8-0 i same turneringa.

Bildetekst: Damelaget presenterte seg gjennom ein ballett. Frå v: Inger Ann Nybø, Anne Marie Røyrhus, Åse Elin Hole og Hildegunn Vollset.
Bildetekst: Damelaget presenterte seg gjennom ein ballett. Frå v: Inger Ann Nybø, Anne Marie Røyrhus, Åse Elin Hole og Hildegunn Vollset.

Smågutelaget var som vanleg dei evige optimistar og vitsemakarar – før kampen, og dei yngste jentene, som enno ikkje er med i seriekampar – hadde draumen om ein gong å vinne serien.

Bildetekst: Eit glimt frå treninga etter det nye opplegget til A-laget.
Bildetekst: Eit glimt frå treninga etter det nye opplegget til A-laget.

A- laget viste oss så eit glimt inn i garderoben før ein viktig kamp, der alle detaljar nøye vart planlagt – både dei sportslege og mindre sportslege !
Gutelaget stod fram som dei «tøffe gutta» med skjegg på haka og stemmeskifte, og til slutt fekk vi ei innføring i treningsopplegget til den nye trenaren for A-laget, Olav Lillebø. Dommar og konferansier under fotballgruppa sin presentasjon, var heile tida ein vel opplagt Rune Hagebakk.

Programmet vart avrunda med allsong, før Arild Ringdal kunne dele ut Jubileumspokalen til Steinar H Ringdal, som sikra seg aksjeen i denne. Meir om dette på annan stad.

Arild Ringdal nytta og høvet til å takke Sanitetslaget for gåve og takka for innkomne telegram og helsingar i høve jubileet. Så fekk festlyden servert ein velsmakande varmrett, kaffi og kaker, og utover natta fekk ein svinge seg i dansen til musikk av Kroken’s.

Bildetekst: B- lagsspelarar i hardtrening ved fotballspelet. Frå venstre Rolf Fivelstad, Ole Aasen og Erling Hauge.
Bildetekst: B- lagsspelarar i hardtrening ved fotballspelet. Frå venstre Rolf Fivelstad, Ole Aasen og Erling Hauge.
Bildetekst: Fj.- cuplaget sang med glimt i auget: - Vi har en drøm ......
Bildetekst: Fj.- cuplaget sang med glimt i auget: – Vi har en drøm ……
Bildetekst: »Doktor» Per Langeland set sprøyte på ein sliten Ole Aasen. »Syster» Liv Norunn Langeland heilt til høgre.
Bildetekst: »Doktor» Per Langeland set sprøyte på ein sliten Ole Aasen. »Syster» Liv Norunn Langeland heilt til høgre.
Bildetekst: Smågutelaget sine alltid optimistiske og spøkefulle representantar på busstur til bortekamp. Frå venstre: Pål Morten Langeland, Ivar Fivelstad, Svein Hole, Jan Otto Aasen og Asle Ringdal. Sjåfør er Steinar H Ringdal.

Denne artikkelen var publisert i Sunnylvingen, november 1981.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *