Tilbyr World Base Race-kaffi

WBR-kaffi blir å få kjøpt under Hellesyltdagane fortel Tony Fernandez og Ellen Angelika Fivelstad.

WBR-kaffi blir å få kjøpt under Hellesyltdagane fortel Tony Fernandez og Ellen Angelika Fivelstad.

Hellesylt Boutique & Bar feirar eitt år og utvidar stadig tilbodet. Bar-gjestar kan få kjøpt både øl, vin og World Base Race-kaffi i lokala i Gatå.

Det var ordførar Jan Ove Tryggestad som stod for offisiell opning av «kaffistova» 3. juli i fjor. Ellen Angelika Fivelstad og Tony Fernandez hadde ein draum om å skape si eiga bedrift på Hellesylt. Då den gamle bokhandelen kom på sal slo dei til med kjøp og etablerte Hellesylt Boutique & Bar.

Og kvifor akkurat ein kaffibar? No har dei unge grunderane lagt bak seg det fyrste året og er godt nøgde. -Jau, Hellesylt sakna ein skikkeleg nabolagskafe, ein treffstad med godt «drøs» over ei god kake og ein kaffikopp. Vi har blitt godt mottekne og føler at både fastbuande og tilreisande har sett pris på tilbodet vårt, seier Ellen Fivelstad.

For få dagar sidan vart tilbodet ved Hellesylt Boutique & Bar utvida frå fleire kaffivariantar, bakevarer frå Geiranger bakeri og is, til skjenkeløyve i gruppe 1 og 2 og sal av heimebrygga øl og muserande vinar.

Men framleis er det kaffi og den gode smaken dei to satsar aller mest på. Til Hellesyltdagane er det kjøpt inn spesiellaga kaffi frå Møllenpris kaffibrenneri i Bergen. Pakkane er merka med WBR, kjenningsbokstavane for World Base Race som foregår frå Helsetkopen under sommararrangementet. Ein unik kaffisort laga av soltørka kaffibønner frå Etiopia, fortel Ellen.

-Eg kan gjerne gå ein halvtime for å få meg ein kopp kaffi av desse bønnene, seier vertinna vår bak disken, og ho lagar både espresso og traktekaffi ev dei Etiopiske kaffibønnene.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380