Lokalnytt

Tilskot til skogrydding

Eit bilde på attgroing av landskapet. Frå fylkesvegen i Berga var Frøysa og Frøysafossen godt synleg. No kan ein så vidt sjå husa eg fossen gjennom lauvskogen.
Eit bilde på attgroing av landskapet. Frå fylkesvegen i Berga var Frøysa og Frøysafossen godt synleg. No kan ein så vidt sjå husa eg fossen gjennom lauvskogen.

Gjennom jordbruksoppgjøret for 2016 er det sett av 20. mill. kroner til rydding av skog av kulturlandskap og utkikkspunkt.

Attgroing av kulturlandskap og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg.

I jordbruksoppgjeret 2015 vart avtalepartane samde om å etablere ei ordning for rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt av særleg verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side.

For 2016 er det sett av 20 millionar kroner til ordninga, som gjeld utsiktsrydding i dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.  Det er Fylkesmannen som administrerer ordninga med utsiktsrydding. Områda som skal ryddast, må vere verdifulle sett frå både landbruket og frå reiselivsnæringa si side.

De finn informasjon om ordninga på heimesidene til Fylkesmannen, sjå  https://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Jordbruk/Utsiktsrydding/Sok-tilskot-til-utsiktsrydding/  . På denne sida finn du  informasjon om ordninga, mellom anna meir om vilkåra saman med rettleiing om korleis ein skal gå fram for å søkje tilskot.

Fristen for å søkje tilskot i 2016 er (i Møre og Romsdal) sett til 20. september.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380