To lag til Norway Cup

Sunnylven J14 under Norway Cup 2011. Laget kom heilt til 1/8 finale før "eventyret" var slutt.

Sunnylven J14 under Norway Cup 2011. Laget kom heilt til 1/8 finale før «eventyret» var slutt.

Det nærmar seg Norway Cup, verdas største fotballturnering. Sunnylven IL er representert med to 7-er lag under turneringa i Oslo.

Fotballturneringa startar søndag 31. juli og varer til laurdag 6. august. Sunnylven IL deltek med to lag i Norway Cup i år, Gutar 7-er 14 år, og Jenter 7-er 15/16 år. Kampoppsett for innleiande rundar er klart og Sunnylven IL møter desse;

Gutar 7-er 14 år, gruppe 13:

Syril IL, Halsenøy IL, Nordre Land IL, Sunnylven IL

Jenter 7-er 15/16 år, gruppe 5:

Sunnylven IL, Dombås IL, Tornado Måløy FK, Osterøy IL

Kampar G-14:                  

Søn  31.07. kl.16.15 Vallehovin  05VA7 Sunnylven IL-Syril IL
Mån 01.08. kl.16.15 Vallehovin  06VA7 Halsnøy-Sunnylven IL
Tir     02.08. kl.15.15 Vallehovin  06VA7 Sunnylven IL-Nordre Land IL

Laget reiser til Norway Cup med ti spelarar. Trenarar Kirsti Frøysadal Hauge / Daniel Støverstein.

Kampar J-15/16:    

Søn  31.07.  kl.11.00 20 EK7 Osterøy IL-Sunnylven IL
Mån 01.08.  kl.11.00 44 EK7 Tornado Måløy FK-Sunnylven IL
Tir     02.08. kl.11.00 Vallehovin  05VA7 Sunnylven IL-Dombås IL

Laget reiser til Norway cup med ni spelarar. Trenarar Knut Dag Langeland / Jens Arve Forbord

 

Knut Dag Langeland har sendt ut eit informasjonsskriv til spelarar på begge lag om reisemåte, overnatting, dei innleiande kampane og generelle reglar som gjeld for opphaldet og turneringa.

Fotballgruppa håper sjølvsagt at mange frå eller med tilknyting til laga frå Sunnylven møter opp på kampane og bidreg både med praktiske ting og heiar laga fram til fine sportslege resultat.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380