LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Toppartistar på utescena

Det vart eit flott gjennhøyr med Rune Larsen under Hellesyltdagane.
Det vart eit flott gjennhøyr med Rune Larsen under Hellesyltdagane.

Arrangøren av Hellesyltdagane hadde skaffa musikals underhaldning for alle aldersgrupper til utescena, Rune Larsen for pluss 60 og Kristian Haugen og Morgan Sulele for dei med førti,femti år yngre.

Mange kjenner Rune Larsen frå utallinga TV-program, og mange har nok ei eller fleire plater av artisten som kalla «husker du»-konserten denne gongen for «Frå rockens konge til kongenes Konge».

Laurdag kom Rune Larsen på scena på Hellesylt, 12 år etter at han var der med kyrkjekonsert saman med Tor Endresen. Som songar er han like god og like triveleg å lytte til. Gamle, gode og kjente songar, også frå ungdomsidolet Elvis vart servert i nær ein time til varm applaus frå fleire hundre på Ole Ringdals plass.

Rune Larsen 2
Rune Larsen
Kristian Haugen t.v. og Per Erling Kobberstad
Kristian Haugen t.v. og Per Erling Kobberstad

Kristian Haugen

Søndag var det nabobygda Hornindal sin gode trubadur, Kristian Haugen som tok ungdomen med i eigenproduserte viser i nynorske språkdrakt. Saman med sambygdingen Per Erlig Kobberstad på gitar vart det sju flotte viser frå dei to.

Artist Morgan Sulele lika seg på scena under Hellesyltdagane.
Artist Morgan Sulele lika seg på scena under Hellesyltdagane.

Morgan Sulele

Aller størst for dei aller yngste vart nok møtet med artisten Morgan Sulele som i fjor slo gjennom med låten «Bare min». Den kom også på Hellesylt til ellevill jubel og applaus og vart nok eit stort minne lenge for ungdomskoret Joyful som kunne entre scena og synge saman med toppartist og musikarane, storebror Egil og Eivind Alnes på slagverk. Etter konserten var autografkøa stor, den største på Hellesylt nokon gong.

Konserten på Hellesylt var den fente på seks dagar, frå Kirkenes og sørover. No venta tre dagar ferie før nye konsertar.

Morgan Sulele 2

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380