Topptrio samla 75 betalande

Pål Angelskår trio på scena på Øvre Ljøen. På fjorden seglar ferja og eit stort cruiseskip.

Pål Angelskår trio på scena på Øvre Ljøen. På fjorden seglar ferja og eit stort cruiseskip.

Pål Angelskår trio sette punktum for dei 29. Hellesyltdagane med konserten i amfiet på Fjellgården Øvre Ljøen.

Det var toppartistar som inntok sena på vakte Øvre Ljøen søndag kveld. Likevel var frammøtet alt for lite, berre 75 betalande. Kanskje er Hellesyltdagane litt overlessa med tilbod, det skal mykje energi til for å rekke å få med seg alt.

Pål Angelskår, Karl Joakim Visløf og Martin Nadal Andersen var fulle av beundring over staden dei var komne til. –Vi har spela på mange stader, men dette er heilt spesielt, så spektakulært som her har vi aldri opplevd tidlegare, sa Angelskår.

Alt frå opningsnummeret forstod vi at vi hadde sessa oss for ein konsert utanom det vanlege. Ikkje berre var konsertkatedralen imponerande, på scena i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi stod musikarar av det beste. Vi merka knappast at det dryssa litt vått frå skylaget.

Pål Angelskår si varlege, melodiøse og følelsesladde, ja neste «såre» songrøyst målbandt, det var meir enn vakkert. Og med tonedryss frå gitar, bass og tangentinstrument i duskregn, vart dette ei spesiell, men god oppleving for dei alt for få frammøte.

Det vart mange songar i den åtti minutt lange konserten, mange av Pål Angelskår sjølv, og alle med engelsk tekst. Inn i mellom fortalde han frå eigne opplevingar i livet som frå møtet med ei jente han var hodestups forelska i ved fyrste møte. Dei skulle møtast igjen, men det møtet vart ikkje som det fyrste. Han huska jenta godt, men det vart ikkje meir mellom dei to. Men forelskelsen mellom dei vart til ein song som publikum i Øvre Ljøen amfi fekk høyre.

Om veret ikkje var det beste var Pål Angelskår svært fornøgd med å få kome til vakre Ljøen der han og medmusikantar hadde blitt godt mottekne, også av publikum. Han håpa å få lov å kome tilbake til Øvre Ljøen med konsert ved eit seinare høve.

Pål Angelskår med ei gåve, eit sauseskinn bearbeida av vertskapet på fjellgarden, Magne t.v. og Ole Hjalmar Bonsaksen.

Pål Angelskår med ei gåve, eit sauseskinn bearbeida på fjellgarden. Vertskapet Magne t.v. og Ole Hjalmar Bonsaksen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380