Trine Rein første under Hellesyltdagane

Avslutninga med ungsdomskoret Joyful vart eit høgdepunkt i konserten med Trine Rein.

Avslutninga med ungsdomskoret Joyful vart eit høgdepunkt i konserten med Trine Rein.

Eg sat trangt, men merka det knapt. Eg var på konsert i ei stuvande full Sunnylven kyrkje med Trine Rein.

Hellesyltdagane fekk ein fantastisk start på årets sommarfest med konserten i Sunnylven kyrkje fredag kveld. Og arrangøren kunne juble like høgt som dei frammøtte applauderte. Kyrkja var fullsett til siste plass då Trine Rein og musikarar entra scena fremst i kyrkja.

Sommardagkonserten vart ei minnerik oppleving med ei songstjerne som er prisbelønna for sine songvokalar gjennom eit par ti-år. Og Trine Rein har meir på gong, snart kjem neste CD røpa ho under vegs.

Leiar hos arrangøren Hellesylt Ungdomslag, Geir Frøysa introduserte sølvjenta frå Stjernekamp sist vinter som ei verdensstjerne, halvt amerikansk og halvt norsk av opphav. Ikkje rart at alle songar hadde engelsk tekst, også det eit verdensspråk.

I konserten fekk publikum høyre fleire av Trine Rein sine eigne songar, som Just missed the train, og People get ready, ein Eva Cassedy-versjon.

Siste sekvens av konserten var saman med ungdomskoret Joyful. Trine Rein var over seg for eit flott kor dette var som song reint og kraftfullt i mikrofonane sine. –Eit fantastisk ungdomskor som De skal vere stolte av, sa ho. Saman med Joyful framførte ho Praise the good Lord, Get ready, Lean on me, og Amazing Grace som ekstranummer.

Fleire fekk overrekt blomar frå arrangøren etter konserten. Til songstjerna overrekte Geir Frøysa eit saueskinn, bearbeida på garden Ljøen i Sunnylven, og med inskripsjon. Ei gåve midt i blinken for ein frostig person, sa Trine Rein og la til; – Eg går og legg meg på saueskinnet og håper Lars dukkar opp snart, sa ho på veg ut frå konsertlokalet til latter frå publikum.

Gratulerer med flott opning av Hellesyltdagane 2016.

Geir Frøysa frå arrangøren delte ut både blomar og eit bearbeida saueskinn til aktørane.

Geir Frøysa frå arrangøren delte ut både blomar og eit bearbeida saueskinn til aktørane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380