TRONSTAD GRENDAHUS HØGTIDELEG INNVIGD

Tronstad Grendahus ligg både vakkert og sentralt til i grenda.

Tronstad Grendahus ligg både vakkert og sentralt til i grenda.

Tronstad Grendahus vart høgtidleg innvigd 20. juni. Rundt 90 gjestar og grendafolk møttest til fest i det flotte grendahuset, der dei fekk høyre og sjå eit variert program og vart serverte velsmakande rjomegraut , spekemat og kaffi. At dei innbedne sette pris på festen, skjønar vi av at snart 90 år gamle Johs. Kjellstad hadde teke turen heilt frå Trondheim for å vere til stades ved innviinga.

Kalkylen for det nye grendahuset er på omlag kr. 222.000. Velviljuge tilskot frå kommune, fylke og STUI, samt ein imponerande dugnadsinnsats på heile 3600 dugnadstimar, gjer at grenda no kan ta i bruk huset for fullt med berre eit lån på kr. 20.000,- !

Grauten vert boren inn til musikk av Peder Alme, spela av utflytte spelemenn. På biletet ser vi frå v.: Solfrid Frøysadal, Rut Tronstad, Oddveig Kjellstad, Eli Auflem, Kjellaug Tronstad og Lilly Langøyli.

Grauten vert boren inn til musikk av Peder Alme, spela av utflytte spelemenn. På biletet ser vi frå v.: Solfrid Frøysadal, Rut Tronstad, Oddveig Kjellstad, Eli Auflem, Kjellaug Tronstad og Lilly Langøyli.

Tronstad Grendahus innvigd: – VI TEK VARE PÅ DET GAMLE l DET NYE.

Det var formannen i Tronstad Grendalag, Rolf Tronstad, som opna innviingsfesten med å ønskje alle, både folk frå grenda og innhedne gjestar, hjarteleg vel komne. Tronstad leidde og fest en vidare.

Langedalsvisa vart sjølvsagt sunga, denne gong som allsong, før ordet vart gjeve til Oddveig Kjellstad. Ho hadde skrive ein prolog som ho sjølv framførte. Her skildra ho på vers korleis grendahuset hadde kome til. Ho fortalde og frå den tida skulen på Tronstad var i drift, om lærar Karbø som arbeidde der i 40 år, og om korleis sentraliseringa etter kvart førte borna ut av krinsen til skulegong, først på Langeland og sidan på Hellesylt.

Skulen på Tronstad var i drift frå 1891 til 1954, då grenda kjøpte skulen. Han gjorde så i fleire år teneste som forsamlingshus før han vart riven og sett opp att som sal i det nye grendahuset.

Oddveig Kjellstad.

Oddveig Kjellstad.

Oddveig Kjellstad avslutta prologen med ønskjet om at grendahuset måtte haldast i akt og ære også i framtida.

Knut Hanssen akkompagnerte seg sjølv på gitar og song ei vise om  den gamle skulen, og  Peder Alme, Arne Tryggestad, Trygve Langøyli og Knut Hanssen spela i to avdelingar slåttar mellom anna av Ola Kjellstad.

Ivar Frøysadal, som var ein av eldsjelene i arbeidet med reisinga av grendahuset, fortalde og om korleis huset var kome til. Han kom inn på det miljøet som har vore knytta til forsamlingshuset på Tronstad, og om arbeidet i det første ungdomslaget som vart skipa her. Her hygde han mykje på det Johs. Kjellstad sen. har skrive ned frå den tida.

Frøysadal fortalde vidare om korleis behovet for eit meir tidhøveleg grendahus vaks fram og om alt det arbeid som ligg bak reisinga av eit slikt hus både når det gjeld planlegging, finansiering og sjølve byggjearbeidet.

Vedtaket om  å reise eit nytt forsamlingshus vart gjort i 1975, og tomt på 1736 rutemeter gav Sverre Alme. Etter nøye samarbeid med STUI, vart det planlagt eit ein-etasjes hus kostnadsrekna til kr. 222.000. Frå kommunen har grendalaget fått kr. 22.000 og frå STUI kr. 75.000. Eigeninnsatsen på imponerande 3600 dugnadstimar gjer at laget no berre har kr. 20.000 i lån på huset.

  1. april 1978 vart arbeidet sett i gang med å rive gamlehuset, og alt 6. januar året etter stod det nye huset klart til bruk, med ein forsamlingssal, matsal, kjøken, gang og W.C. – alt innreidd så funksjonshemma kan nytte anlegget. Dessutan har bygget eit loft som kan innreiast til ymse formål.

– Og, sa Ivar Frøysadal mellom anna. – Det må vere slike ting som er kultur. A ta vare på det gamle i det nye, som det her er gjort.

Rolf Tronstad overrekte Ivar Frøysadal ei gåve som takk for det arbeidet han har lagt ned som ei eldsjel for dette grendahuset. Langedalen Visegruppe var og i elden med to viser, ei av dei om grendafest på Tronstad. Så vart grauten spela inn, og forsamlinga hadde ei hyggjeleg bordsete med svært velsmakande mat Johs. Kjellstad sen. -som i sitt 90. år hadde teke vegen frå Trondheim til festen – hadde og skrive ei helsing på vers som han sjølv framførte, og frå kommunen helsa ordførar Berge, og kunne i same slengen bidra med gode historier. Så vart ein verdig innviingsfest avrunda med at festlyden song fedrelandssalmen.

Rolf Tronstad.

Rolf Tronstad.

 

 

Snart 90 år gamle Johs. Kjellstad hadde teke turen heilt frå Trondheim til festen. 

Snart 90 år gamle Johs. Kjellstad hadde teke turen heilt frå Trondheim til festen.

Glimt frå den vakre forsamlingssalen.

Glimt frå den vakre forsamlingssalen.

Langedalen Visegruppe, frå v.: Magne Auflem, Ivar   Bjarne Tronstad, Tor Tryggestad, Knut Hanssen og Harald Tronstad.

Langedalen Visegruppe, frå v.: Magne Auflem, Ivar   Bjarne Tronstad, Tor Tryggestad, Knut Hanssen og Harald Tronstad.

Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, juli 1981.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info