Vil ha cruisecup på Hellesylt stadion

Det vart klar heimesiger då Sunnylven Fotball møtte mannskap på cruisebåten Balmoral til fotballkamp på Hellesylt stadion torsdag. Om lag 200 såg oppgjøret.
Hellesylt stadion viste seg frå si blankaste side med rundt 25 plussgrader då mannskap frå cruiseskipet Balmoral stilte til fotballoppgjør mot eit blandingslag av damer, herrer og gutespelarar frå Sunnylven torsdag. Det vart eit vennskapeleg oppgjør og ein lettdømt kamp for domar Steinar Hjelle.
Mest jubel for to mål
Gjestespelarane frå cruisebåten i sine raude drakter opna i stort tempo og pressa heimelaget bakover i starten av kampen. Men etter kvart kom Sunnylven i siget med både ungt, friskt blod og rutinerte og eldre spelarar på laget. Frå rundt 20 minutt av kampen kom måla tett og det stoppe fyrst då lystavla viste 18-2. Men gjestelaget var eit friskt pust i periodar og hadde store sjansar til å redusere enno meir enn dei to gongane. Dei to måla fekk i alle fall størst jubel både av publikum frå båten og av lokale fotballfrelste.
Sunnylven Fotball spelar ikkje i serie for senior herrer, men har faste blandingstreningar kvar fredag. Kanskje svikta kondisjonen for mannskapet på Balmoral, men dei ville spele to gonger 45 minutt fortalde Kirsti Frøysadal Hauge på vinnarlaget.
Vil lage cruisecup
Mange båtar har hatt fleire timar liggetid ved Hellesylt kai i år, og mange håper det blir fleire i åra som kjem.
No vil Sunnylven Fotball invitere til Cruise-cup på Hellesylt frå neste år. Dette var artig ikkje fordi vi vann med store siffer, men cruisemannskapet var hyggelege å spele mot og det kom masse publikum. sa fleire på heimelaget. Mange gonger artigare dette som trening med publikum på tribuna enn dei vi har på fredagar, sa Stein Kristoffersen, målmann i fyrste og utespelar i andre omgang.
Å stille lag i cruisecup-kampar på Hellesylt stadion trur ikkje Kirsti i fotballgruppa vil by på problem. –Vi er mange som spelar fotball på ulike nivå og vi har feriefolk heime som kan stille, så vi er klare.