Auka trafikk på turistferjer

Billettørane Broder Bøe nærmast og Øyvind Erevik på kaia på Hellesylt. Snart sluttar dei i jobben etter 20 år på Geirangerfjorden.

Billettørane Broder Bøe nærmast og Øyvind Eresvik på kaia på Hellesylt. Snart sluttar dei i jobben etter 20 år på Geirangerfjorden.

Sjølv om trafikken med turistferjene Bolsøy og Veøy har minka litt ut over i august er det framleis mange som tek den populære ferjeturen mellom Hellesylt og Geiranger.

Det har vore ein god sesong for The Fjords sine turistferjer mellom Hellesylt og Geiranger. Det er inntrykket som dei to billettørane på Bolsøy, Øyvind Eresvik og Brode Bøe har når songen går mot slutten. Spesielt har trafikken med bussreisande auka mykje i år. Men no er det store rusjet i ferd med å minke. Nyleg kom dei to tilbake på jobb etter eit par veker ferie og merka godt at trafikken var mindre.

Men framleis er det mange reisande med turistferjene Bolsøy og Veøy som «pløgjer» Verdsarvfjorden. Begge turistferjene blir i ruta ut august, men frå 1. september er det berre gamle, gode Bolsøy, bygd i 1971 som skal gå mellom Hellesylt og Geiranger ut oktober.

I 20 år har Eresvik og Bøe vore ferjemannskap om bord i ferjer på Geirangerfjorden. 31. august går dei på land og blir pensjonistar. Det får vere nok no sjølv om dei har lika jobben saman med turistar, seier dei to. Dei har møtt mange hyggelege folk, men også nokre som har klaga på prisane, spesielt dei siste sesongane etter at det kom ein kraftig auke.

Øyvind Erevik og Broder Bøe fortel at dei aller fleste betalar og er fornøgde. I fint ver er det ei magisk oppleving å sjå natursmykket som fjordreisa byr på. Men ein del folk frå det nære distriktet klagar på prisen, dei har sett Geirangerfjorden før seier dei og synest det er dyrt.

Mellom 7- og 800.- kroner for bil og kone er billettprisen ein veg, nesten ein liten syden-ferie.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380