Byter ut laksestonga med jaktrifla

Hanne Kvamme fekk laksen på vel fem kilo like under Hellesyltfossen.

Hanne Kvamme fekk laksen på vel fem kilo like under Hellesyltfossen. (Foto: Privat)

For nokre dagar sidan fekk Hanne Kvamme ein laks på vel fem kilo. Klokka 24.00 i kveld er laksefiske i elva slutt, men då startar ho hjortejakta.

Det blir byte av fangstreiskap for fleire laksefiskarar det nærmaste døgnet. Ved midnatt 31. august er alle mulegheit for å håve på land storlaksen denne sesongen ute. Men dagen etter då ventar hjortejakt i nesten fire månader.

Mellom mange som set vekk laksestonga og leitar fram jaktrifla er Hanne Kvamme på Hellesylt. Til vanleg er dama å finne i daglegvarebutikken Joker på Hellesylt, men på fritida har ho jakt og fiske som ein god hobby.

Nyleg fekk Hanne ein laks på litt over fem kilo. Det var den fyrste og einaste i år, men tidlegare sesongar har det blitt fleire med 6.5 kilo som den største. Årets laks beit på like under Hellesyltfossen på ein wobbler, fortel Hanne.

Hanne Kvamme er ei av knapt ti damer som har avlagt hjorteprøve i Sunnylven og er klare for hjortejakt. Hanne har i tidlegare sesongar fått inn fulltreffarar på ei kolle og ein kalv, så i år kunne det ha vore artig å skyte ein bukk sjølv om akkurat det ikkje er så nøye, seier ho. Ho likar å bruke hjortekjøtet på eige matbord, men då må det helst vere av ein kalv, røpar ho.

I alle fall, hjort er det nok av å jakte på i Hauge, Helset og Storstein, jaktvaldet der Hanne Kvamme og fleire andre står tidleg opp om morgonen til 1. september.

Tre hjorteteljingar i vår viste at jægerane har mange dyr å jakte på i Sunnylven.

Tre hjorteteljingar i vår viste at jegerar har mange dyr å jakte på i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380